Utviklingshemma vert dømde til harde straffer

Straffedømte med utviklingshemming kan i dag dømast til lange fengselsstraffer utan vilkår. Ikkje alle får nedsatt straff, og fleire får dårligare helse  av soninga.

Straffedømte med utviklingshemming kan i dag dømast til lange fengselsstraffer utan vilkår.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Det sit om lag 350 menneske med utviklingshemming i norske fengsel til ei kvar tid (Søndenaa 2008 og 2009). Mange har fått straffereduksjon på grunn av utviklingshemminga si, men ikkje alle. Fleire av dei slit med helsa.

- Blant dei fengsla er det ei gruppe som er særskildt sårbare, nemleg personar som har ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing. Vi har til no ikkje visst mykje om soningstilhøva til desse menneska, men nye studiar viser at dei sonar særskilt tungt, fortel Jane Dullum.

Dullum er forskar ved Institutt for kriminologi  og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo. Ho har nyleg gjennomført ei analyse av straffer norske domstolar gjev, i saker der domfelte har ei funksjonsnedsetjing. Rapporten som vart offentliggjort i april, byggjer på ein gjennomgang av 76 lagmanns- og høgsterettsdomar der den domfelte er hørselshemma,  rørslehemma eller psykisk utviklingshemma.

Domstolane tek omsyn

- Granskinga syner at norske domstolar er humane. Domstolane tek i nesten alle sakene omsyn til funskjonsnedsetjingar som formildande omstende. Samtidig syner gjennomgangen at det er variasjon i kor mykje funksjonshemminga tel ved straffeutmålinga.

Straffereduksjon på grunn av funksjonshemming er stort sett grunna i at den dømte vil få ein tyngre soningssituasjon enn andre.  Det er også formildande dersom domstolen meiner det er ein årsakssamanhang mellom lovbrotet og tilstanden til den dømte.

… men ikkje alltid

Men rapporten syner også saker der domstolane har teke lite eller inga omsyn til funksjonsnedsetjing hjå dem dømte ved straffeutmålinga. I desse tilfella har domstolen lagt vekt på  grovheten i lovbrotet, ålmennpreventine omsyn eller prinsippet om samhøvande. Lovbrota er knytt til vald mot politiet, betaling med  falske pengar, seksuelle overgrep mot born og valdtekter.

- Eit mønster i desse sakene er at domstolane tek mindre individuelle omsyn jo meir alvorleg lovbrotet er. Då får ålmennprevensjon forrang ved straffeutmålinga, fortel Dullum.

Ein tankekross

- Det er ein tankekross her. Forsking syner at jo meir alvorlege lovbrot ein person gjer, jo dårlegare skårar han eller ho også på viktige sosiale indikatorar. Dette tyder at vi dømer menneske som er særskildt råka frå før, til den tunge belastinga det er å sone ei lang fengselsstraff.  Fleire av desse soner under særs uheldige soningstilhøve, fortel Dullum.

- Det reiser seg også spørsmål til at domstolane gjev ubetinga fengselsstraff i saker der den domfelte befinn seg i heilt nedre sjikt av lettare psykisk utviklingshemming, det vil sei dei utilreknelegnære tilstandane.  Som rapporten syner er ikkje dette eit hinder for å gje lange fengselsstraffer utan vilkår.

Dårlegare helse

Tiltak for å betre tilhøva for denne gruppa domfelte bør drøftast. Spørsmålet er så kva som kan gjerast, påpeikar Dullum.

Hilde Haualands rapport “Straffet og isolert, Insatte med funksjonsnedsetjing i norske fengsler”  (2011) syner at dei fengsla si fysiske og psykiske helse vert forverra av soninga. Innsette fortel at helsetjenestetilbodet ikkje er tilpassa deira behov, og fleire fortel at vurderingar fengselslækjaren gjer ikkje vert teke omsyn til. Dette gjaldt både tilgang til naudsynte medisinar og fysikalsk handsaming eller trening.

- Det er rimeleg å tru at jo dårlegare ein skårar på fleire av levekårsvariablane, jo tyngre vert det å sone. Fritz Moen er eit eksempel. Han vart dømt til fleire års sikring på Ila. Han sona svært tungt, og utvikla som fylgje av soningstilhøva ein isolasjonspsykose.

RullestolKriminalomsorga skal vurdera soningsdyktigheita til den dømte. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Funksjonshemma dømt til forvaring

I gjennomgangen finn Dullum ei sak der ein døv mann er dømt til forvaring for å ha begått valdtekter og truslar. Dette er det einaste tilfellet i dette materialet der ein domfelt med ein fysisk funksjonsnedsetjing er dømt til forvaring. I saka har Domstolen lagt vekt på samfunnsvernet framfor individuelle omsyn. Høgsterett fann ikkje at det at domfelte var døv gjorde forvaring uegna som straff.

Peikar på Kriminalomsorga

I saker der domstolane i liten grad eller ikkje tek omsyn til funksjonshemming i straffeutmålinga, peikar dei på at Kriminalomsorga skal vurdera soningsdyktigheita til den dømte. Vidare skal Kriminalomsorga leggje til rette slik at den dømte ikkje får unødig tunge soningstilhøve.

Men granskingar syner imidlertid at Kriminalomsorga ikkje utan vidare legg til rette (Haualand 2011) (Søndenaa 2009).

- Vi veit svært lite om Kriminalomsorga sine vurderingar av soningsdyktigheit i desse sakene. På bakgrunn av dei granskingane som ligg føre, som syner at den dømte faktisk får helsa si forverra av soninga, kan det sjå ut som om dette enten er avgjerdsler som ikkje vert benytta i særleg grad, eller at dei blir svært strengt praktisert, fortel Dullum.

Har krav på helsetenester

- Dette kan vere ei spegling av at soningsforholda er stramma inn i seinare år. Internasjonalt ser vi at utviklinga går i retning av ein strengare kriminalpolitikk med strengare straffer. Individuelle omsyn får stadig mindre tyding i straffeutmålinga.

- Også i Noreg går utviklinga mot strengare straffer for lovbrot knytta til narkotika og sedeligheit, og teikn tydar på at omsynet til tryggleik veg tyngre enn omsynet til fangar si helse. Samtidig har dei same krav på helsetenester som andre. I så måte er det viktig å sjå på om, og korleis, fengsla legg tilhøva til rette for fangar med funksjonshemming, og om dei helsefaglege stemmene blir høyrde.

- Kunnskap om funksjonshemma si stilling er viktig for å hindra at urettane mot Fritz Moen vert gjentekne, understrekar forskaren.

Av Jorunn Kanestrøm Westbye
Publisert 25. mai 2011 14:05 - Sist endra 23. juli 2018 11:51