Svak kjønnsidentitet kan vere årsak til hatefulle ytringar på nett

Ekstreme ytringar på nett nyttast som viagra for menn som er usikre på eigen manndom, syner masteroppgåve.

Nettet gir nye moglegheiter til å treffe meningsfellar og til å iscenesetje seg sjølv som ein ynskjer å vere. Også som mann. Foto:istock

Etter tusentals av timar med online skytespel og World of Warcraft vart aliaset og avataren Andrew Berwick til. Berwick var på nett forfattar, intellektuell og frelsande ridderjustitiarius. Han hadde over 30 kallenamn på nett.

Om morgonen den 22. juli 2011 publiserte han 2083 – A European Declaration of Independence – eit manifest på 1583 sider. Manuset var delvis kopiert frå bloggaren Fjordman og «Gates of Vienna» - ein høgreradikal blogg hvis hovedfokus er å åtvare om islamifiseringa av Vesten.

Ein time etter at manifestet kom online bomba Andrew Berwick, og kjend som 2083, Sigurd Jorsalfar og Anders Behring Breivik, Regjeringskvartalet.

Netthat som virtuell viagra

Menn som skriv hatefulle ytringar på nett nyttar bloggar som «virituell viagra», fortel Peder Skoglund.

Han har i si masteravhandling i kriminologi, «Ekstremismens argumentasjon – et maskulinitetsperspektiv på radikalisering og hatefulle ytringer på nett», samanlikna høgreekstreme ytringar med ytringar frå ekstreme islamistar i sosiale medier.

I kriminalitetsbiletet er menn overrepresentert både som utøvarar og offer. Skoglund ynskja å sjå om det er samanheng mellom maskulinitet og hatefulle ytringar på nett, uavhengig av ekstremistisk tilhøyring og ideologisk forankring.

Han var og interessert i å sjå om tradisjonelle teoriar om forholdet mellom maskulinitet og kriminalitet kunne brukast for å forstå radikaliseringsprosessar.

-  «Tidlegare studier viser at det er kjønna forskjellar når det kjem til negative tendensar i nettbruk. I gutar sin bruk av sosiale medier dreiar det seg meir om både trugslar og vald, medan jentar sine konflikter på nett ofte omfattar meir sjalusi, krangling om kjærestar og baksnakking.

- Gutane har ein anna kjønnsmessig agenda. Nettet gir dei nye moglegheiter enn før til å treffe meningsfellar og til å iscenesetje seg sjølv som ein dei ynskjer å vere. Også som mann.».

"Netthatarar" liknar kriminelle

Masteravhandlinga til Skoglund tek utgangspunkt i dei som er «offentlege» på nett, der deltaking på ekstremistiske fora og spreiing av hatefulle ytringar i sosiale medier kan ha ein identitetsbyggjande effekt. Menn som hatar på nett deler mange fellestrekk med andre grupper i kriminalstatistikken: dei er unge og ofte sosialt marginaliserte som gjer uttrykk for eigen statusfrustrasjon ved å ty til kriminalitet.

Peder Skoglund ynskja i si masteroppgåve å sjå om det er samanheng mellom maskulinitet og hatefulle ytringar på nett. Foto: UiO.


- Å lesa måten desse mennene konstruerar ein- eller fleire identitetar på nett, fortel oss mykje om deira mindreverdighetskompleks, deira kjensle av avmakt og korleis dei slit med sin maskulinitet, fortel Skoglund.

- Fleire av dei har ei førestilling om at omverdas aksept, og kvinners så vel som andre menns anerkjenning og beundring, avhengar av patriarkalsk styrke og mannleg definisjonsmakt.

- Dei loggar seg på sin ynskte identitet. På nettet kan dei slik, trass i sin opplevde mannlege sårbarhet, likevel stå fram som alfahann; en mann blant menn.

Frå guterommet etablerte til dømes Breivik seg eit sjølvbilete som «a destroyer of evil and a bringer of light».

Facebook-ekstremisme

Facebook er eit av mange sosiale medier som blir brukt som medium til å spre ekstreme haldningar. Ein av grunnane er at det er enkelt å gje og få tilbakemeldingar, og me kan ved eit tastetrykk «like» og dele innlegg.

- Radikalisering og valdeleg ekstremisme på nett kan forstås som sjølvhjelpsstrategiar, fortel Skoglund.

-  Frykta for det meiningslause kan bli så stor, så altoppslukande, at det å døy ein meningsfull død vil foretrekkast, framfor å leva eit meningslaust liv. Førestillinga om ein heroisk maskulinitet og valdeleg død blir desse mennenes redningsplanke for, i deira auge, å ivareta idéar om korleis samfunnet bør vere.

Radikalisering og valdeleg ekstremisme på nett dreiar seg slik om gamle- og arkaiske machoidealar som trer fram i ny drakt.

Media kan vere med på å styrke desse mennenes nettidentitet, som kan spele over frå det «virtuelle» til det «verkelige» liv. Merksemd i media kan gje inntrykk av positiv respons, og ei kjensle av at dei får ei viss anerkjenning, fortel Skoglund.

Frå ekstreme ytringar til handlingar

Ved bruk av grenseoverskridande teknologiar kan menn på nett lage sine eigne fantasiverdenar. Når denne fantasiverda kjem i konflikt med, eller forvekslast med den «ikkje-virtuelle» verda kan kva før «kun» var ekstreme ytringar på nett føre til ekstreme handlingar som blant anna 22. juli.

Eit mannsproblem

- Menn dominerar denne typen online radikalisering, fortel professor Sveinung Sandberg.

- I den grad det er kvinner inne i biletet, er det oftare i andre roller. Så sjølv om denne typen hatefulle ytringar på nett ikkje berre kjem frå menn, synast det å vere eit ganske kjønna fenomen. Det er derfor viktig å sjå det i forhold til dominerande og meir marginale idear om maskulinitet.

Av Per Jørgen Ystehede og Jorunn Kanestrøm
Publisert 27. feb. 2015 10:35 - Sist endra 16. mars 2015 13:37