Disputas: Yngvil Grøvdal

Cand.polit. Yngvil Grøvdal ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi vil forsvara si avhandling for graden ph.d.: "En vellykket sak? Kvinner utsatt for mishandling møter strafferettsapparatet." Kandidaten er tilknytta Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

Dømmingskomité

  • Professor Kristin Skjørten, Universitetet i Oslo (leiar)
  • Professor Paul Larsson, Politihøyskolen, Oslo (1. opponent)
  • Lektor Annika Snare, Københavns universitet (2. opponent)

Leiar av disputas

Professor Kristian Andenæs

Rettleiar

  • Professor Kjersti Ericsson, Universitetet i Oslo

Samandrag:


En vellykket sak? Kvinner utsatt for mishandling møter strafferettsapparatet

Det blir ofte framheva at politiet og straffesakskjeda for øvrig, er sentrale element i arbeidet for å redusere vald i nære relasjonar. Å forbetre straffesakskjedas innsats overfor kvinner som blir utset for denne formen for vald, har derfor vært eit politisk satsningsområde i Noreg dei siste ti – femten åra. Eit hovudføremål med doktorgradsarbeidet har vært å sjå på kva for nokre erfaringar kvinner utsatt for vald i nære relasjonar har med den same straffesakskjeda i prosessen frå melding til avgjerd i domstolen.

Arbeidet viser på den eine sida at ein del kvinner utsatt for mishandling ikkje utan videre ser straffesakskjeda som ein relevant instans for dei vanskane valden medfører. Fleire forhold gjer kvinnene lite tilbøyelege til å melde mannen som mishandlar til politiet, enn til å fortelje om valden til andre, det vere seg familie eller vener. Det er nærliggande å hevda at kvinnene som har deltatt i studia måtte ha forlat, eller bestemt seg for å forlata, mennene før dei kunne gå til det skritt å offentleggjere valden dei blei utsatt for.

På den annen sida var det heller ikkje gitt at dei kvinnene som forsøkte å ”engasjera” strafferettsapparatet, først og framst politiet, i forsøket på å stansa eller redusera valden, lyktes med dette prosjektet. Mykje tyder på at det eksisterer det vi kan kalle nokre ”offentlige bilete” av mishandlingsforhaldet og dei involverte partane, som i staden for å gagne kvinner utsatt for mishandling, snarare skapar problem i relasjonen mellom kvinnene og aktørane i straffesakskjeden.

I avhandlinga stilles spørsmål ved kva straffesakskjedas sterke fokus på reaksjon – i motsetnad til førebygging – og allmennprevensjon, eigentleg bidrar med i valdsutsatte kvinners liv. At sjølve den fysiske valden tar slutt etter melding og rettssak, betyr langt fra alltid at kvinnene lev liv i fred og fridom. Skildringa domstolen i Noreg gjer av seg sjølv som landets viktigaste organ for konfliktløysing, synes derfor å vere lite treffande i sakane som danner grunnlaget for denne studia.

 

A successful case? Women subject to violence from partners meet the criminal justice system.

It is often claimed that the criminal justice system is a central agent in the effort to reduce men’s violence against women in close relationships. Accordingly, during the last 10 to 15 years, shifting Norwegian governments have directed their efforts towards the improvement of the work of the police as well as the court processes in such cases. My main objective with this thesis, has been to study how battered women themselves have experienced the penal process from the first contact with the police, through to the final court procedure.

On the one hand, the present work shows that the penal system seems to be the last resort for some of the women subject to violence from their husband or partner. Many aspects of life with a man who batters seem to make the women reluctant to report the violence to the police, as well as to tell friends and relatives about it.
Most of the women in this study seemed unable to report until they had left their partner or had decided that they would do so.

On the other hand, women who did try to engage the criminal justice system – first and foremost the police – in their efforts to stop or reduce the violence, were not necessarily successful in that project. There seem to exist what we may describe as ”public images” of the abuse itself, of the battered women and of the men who batter. These images, intended to be of benefit to the battered woman, rather seem to complicate her with the employees of the criminal justice system.

I question the contribution of the penal system to the lives of battered women, especially given the system’s weight on reaction – as opposed to prevention – and general prevention. The fact that the women no longer experience actual physical violence from their former partners, does not amount to a life in peace and freedom. The description given by the Norwegian court system as being the most important organ for conflict resolution in the country does not appear to apply to the cases in my study.

Publisert 10. mars 2014 14:02 - Sist endret 25. mars 2015 14:53