Crime Control and Technological Culture (avslutta)

Kva er føresetnaden for og konsekvensane av at kriminalitetskontrollen i aukande grad blir teknologibasert?

Kva for ein innverknad har informasjons- og kommunikasjonsteknologien på politiets oppfatning av kriminalitet, risiko, fare og farlege befolkningsgrupper? Og kva skjer med tradisjonelle rettsstatsprinsipp som rettstryggleik og proporsjonalitet i eit stadig meir proaktivt og risikobasert kontrollapparat?

Formålet med prosjektet Crime Control and Technological Culture (CCTC) var å utforska korleis IKT endrar både dei praktiske og dei kulturelle aspekta ved kriminalitetskontrollen.

Dagens kriminalitetskontroll baserer seg i stadig større grad på bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, så som databasar og registre, fjernsynsovervaking, risikoprofilering og kriminalitetskartteikning. Teknologibaserte kontrollstrategiar er drivne av ein annan logikk enn tradisjonell kriminalitetskontroll og politiarbeid. Dei reagerar ikkje berre på fortidige kriminelle hendingar, men er heller framtidsorienterte og drivne av ein logikk prega av risikominimalisering. Eit sentralt spørsmål i prosjektet var korleis risiko konstrueras som sosialt faktum og kva for ein rolle dei nye kommunikasjonsteknologiane har i denne prosessen. 

Prosjektet blei finansiert av Norges Forskningsråds KIM-program som hadde som formål å utforska korleis IKT endrar både dei praktiske og kulturelle aspekta ved kriminalitetskontrollen.

Prosjektleder var daverande førsteamanuensis, no professor, Katja Franko.

Publisert 11. nov. 2009 19:36 - Sist endra 24. sep. 2015 08:12