Om prosjektet og bakgrunn
Historiske studiar om kriminalitet, strafferett og kriminologi har foregått i ei årrekke ved ulike institusjonar og fag i Skandinavia, men i liten grad har det vært systematisert forskingsformidling på tvers av institusjons- og fagdisiplinar.
Crime, Criminal Law and Criminology in History Network (CCCH) er eit tverrfagleg nettverk som fungerar som eit møtefora for fagleg utveksling mellom institusjonar frå først og fremst Nordiske, men og andre land.
Temaer for nettverket er fengselets, barnevernets, politiets, strafferettens- og kriminalvitenskapene si historie.
Mål
Målsetjing er å ha ein nettverkskonferanse kvart tredje år. I tillegg arrangeres seminarer og workshops.
Finansiering
NSFK støtta konferanse i Oslo høsten 2011 og København høsten 2013 og i Onati juni 2017.
Resultat
- Spesialnummer om historisk kriminologi i Nordisk Tidsskrift for Kriminalvitenskab redigert av Kjersti Ericsson og Sverre Flaatten
- Spesialnummer om historisk kriminologi i Journal of Scandinavian Studies in Criminology and Crime Prevention redigert av Kjersti Ericsson og Sverre Flaatten
- Spesialnummer om historisk kriminologi i European Journal of Criminology redigert av Sverre Flaatten og Per Jørgen Ystehede
- Spesialnummer om historisk kriminologi i Retfærd - Nordic Journal of Law and Justice, våren 2015 som eit resultat av Københavnkonferanse 2013
Ønskjer du meir informasjon om nettverket kontakt Per Jørgen Ystehede.