«Jævla terrorist!» Muslimhets og hverdagsmotstand

av Azin Banafsheh, Rune Ellefsen og Sveinung Sandberg

Banafsheh, Ellefsen og Sandberg har skrive eit kapittel i boka Ungdommen. Boka er redigert av Guro Ødegård og Willy Pedersen, og gitt ut på Cappelen Damm.

Ulike former for muslimhets

Banafsheh, Ellefsen og Sandberg har i eit stort forskningsprosjekt intervjua 90 norske muslimar i alderen 18-32 år. Med utgangspunkt i desse intervjua gir dei ei oversikt over opplevingane til unge muslimar av muslimhets. Hatvold, netthets og diskriminering får mykje merksemd i media. Men den mest utbreidde hetsen unge muslimar opplever, den som pregar kvardagen deira, er nedlatande kommentarar, negativt lada spørsmål og skjellsord, både frå framande og frå kjende. Det er få samfunnsforskarar som har undersøkt reaksjonane på slike ubehagelege hendingar. Dei ser derfor på kva strategiar unge muslimar har i møte med hat og stereotypiar.

Forskinga er publisert som kapittelet i boka Ungdommen og der spør dei kva former for muslimhets dei opplever, og kva dei gjer for å yta motstand mot hetsen og leva med han? Resultata nyanserer og utfordrar biletet av det passive muslimske offeret som pregar både den offentlege debatten og forskinga på muslimfiendtlighet.

Les kapittelet på nettsida til forlaget (lenkje).

Publisert 10. des. 2021 11:31 - Sist endret 15. juni 2022 10:10