Professor May-Len Skilbrei var key note speaker

Professor May-Len Skilbrei var key note speaker på årets European Group Conference.

Professor May-Len Skilbrei sitt foredrag hadde tittelen Transnational Victimhood: Challenges for prosecution and victim protection.

Temaet for årets European Group Conference for the Study of Deviance and Social Control var “Social divisions, surveillance and the security state”, og Skilbrei var invitert for å snakke om temaet Transnational Victimhood: Challenges for prosecution and victim protection.  

Årets konferanse blei heldt i Tallinn, Estland, og Skilbrei snakka og om si forsking og sitt samarbeid med forskarar i dei baltiske landa som forskar på prostitusjon og menneskehandel. Den første bølga av utanlandske prostituerte som kom til Noreg kom frå Aust-Europa. I si forelesing fokuserte Skilbrei på kva for nokre konsekvensar strafferettssystemet sitt forsøk på å kjempa i mot prostitusjon hadde på menn og kvinner som var involvert i prostitusjon – og korleis arbeidet ofte fungerte i motsetning til dei velmeinte intensjonane det i utgangspunktet hadde.

Konferansen, som var dedikert til Nils Christies minne, vart besøkt av over 120 forskarar frå heile verda. Andre deltakarar frå Institutt for kriminologi og rettssosiologi var professor Ragnhild Sollund og doktorgradsstipendiat David R. Goyes. Sollund heldt eit minneord til minne om Nils Christie, i tillegg til at ho presenterte paperet Illegal wildlife trade, crimes and harms from a non-antgropocentric perspective. Goyes presenterte eit paper med tittelen Denying the harms of animal abductions for biomedical research.

Publisert 31. aug. 2015 10:54 - Sist endra 10. sep. 2019 14:41