Tolkingar av Grunnlova

Eirik Holmøyvik (red.) "Tolkingar av Grunnlova. Om forfatningsutviklinga 1814-2014".

PAX Forlag. Forsideillustrasjon: Siri Dokken

Publisert i

Oslo: Pax forlag (2013)

Kjøp boken her

 

Sammendrag

«Vi sætter nu, at Kongen og Storthinget her aldrig kan blive enige, (og Historien giver os Ret til at tænke os slige Tilfælder), - saa har vi i Principet, i Tanken, atter Borgerkrig som sidste Middel, hvis de ikke begge vil underkaste sig Folkesuverænitetens Afgjørelse.»
Bjørnstjerne Bjørnson, 1882


Korleis skal Grunnlova tolkast? I 200 år har norske juristar stilt dette spørsmålet. Og ikkje sjeldan har grunnlovstolkinga stått i sentrum for politisk strid. 1800-talets forfatningskampar mellom Kongen og Stortinget er historie, men fortidas tolkingsspørsmål er avløyst av nye som følgje av utfordringane i vår tid.

Grunnlova er i dag ei anna enn i 1814. Ikkje berre er grunnlovsteksten endra mange gonger i løpet av desse to hundreåra. Grunnlova har óg vore underkasta ulike og skiftande tolkingar som følgje av samfunnsutviklinga og politiske skifte. Kva rolle har grunnlovstolkinga spelt for forfatningsutviklinga i Noreg, og kva rolle bør ho ha? I denne boka vert grunnlovstolkingas rolle i forfatningsutviklinga diskutert historisk og notidig med blikk mot våre nordiske naboland.

 

Publisert 24. mars 2014 14:53 - Sist endret 28. apr. 2016 12:38