Kaperseminaret: Kaperfart og folkerett 1776-1815

Forskingsgruppa "Transformation of international law and Norwegian sovereignty in 1814", Senter for grunnforsking (CAS), Oslo i samarbeid med Norsk Maritimt Museum og Norsk lokalhistorisk institutt arrangerer eit arbeidsseminar om kaperhistorie og rettslege problemstillingar.

Formålet med seminaret er å samle ekspertisen på kaperfart og kaperrett med hovudvekt på tida frå 1793 til 1815. Men 1776 er sett som eit startpunkt fordi då starta dei lausrivne nordamerikanske statane omfattande kaperverksemd. I 1793 med krigserklæringa mellom Frankrike og Storbritannia skaut kaperfarten i Europa fart og frå 1807 var Danmark-Noreg aktiv kaperstat.

Kaperfart var regulert av folkerettsprinsipper, av traktatar og av nasjonale kaperreglement. Eit viktig poeng for CAS-prosjektet er å studere i kva grad folkeretten vart respektert og følgd opp. Men for å finne ut av det, må ein vite kva som faktisk skjedde.

Seminaret skal særleg studere Danmark-Noreg med vekt på Noreg som offer for kapring så lenge staten er nøytral (til 1807) og i same perioden bruken av norske hamnebyar der framande kaperfartøy kunne føre i land kapra skip og last og selje det her i staden for å føre det til hamner i heimlandet. Endeleg er vi interessert i den norske kaperfarten frå 1807 og anna kaperrelatert verksemd.

 

Program

Måndag 27. mai

09.30 Opning

09.40 Ola Mestad: Folkerettsleg ramme for kaperfart og den norske Overadmiralitetsretten

10. 25 Knut Sprauten: Den norske kaperforhistoria på 1700-tallet

11. 10 Jakob Maliks: Norden og barbareskene på 1700-tallet. Noen aspekter ved forholdet mellom flaggbruk, konsuler og traktater

12.00-13.00 Lunsj

13.00 Atle Wold: Rottereiret Bergen. Britiske protester mot dansk-norsk nøytralitet og fransk kaperfarts bruk av norske havner

13.45 Gustav Sætra: Virkninger av kapring på norsk skipsfart 1790-1814

14.30-14.45 Kaffi og te

14.45 Ivar Alvik: Wincents Sebbelows kaperavhandling og kaperrettsteori i Norge

15.30 Inge Eikeland: Kaperbyen Farsund og Listakaperne

16.15-16.30 Te og kaffi

16.30 Stein Tveite: Verknader av norske hamner som mottakar av utanlandsk kapra skip før 1807 

17.15 Jarle Bjørklund: Kapere og kaperfartøyer og Peter Norden Sølling - noen etiske vurderinger og taktiske manøvrer 

18.00 Slutt dag 1

 

Tysdag 28. mai

09.00 Dag Michalsen: Kontinentalblokaden som rettslig geopolitikk

09.45 Finn-Einar Eliassen: Pinlige pirater: Mandal som "kaperreir" under Napoleonskrigen - og tidligere

10.30-10.45 Kaffi og te

10.45-11.30 Arild Stubhaug: Jacob Aall - den tvilande kaperreiar

11.30-12.15 Berit Eide Johnsen: "Han sad i prisonen." Norske sjøfolk i engelsk fangenskap under krigen 1807-14 (Kapere fra Agder, prisonfangenskap og hjemsendelse /utveksling /rømning)

12.15-13.00 Lunsj

13.00 Per Nilsén: Kaper-etteroppgjøret i 1814. Svensk tilbakelevering av kaprede fartøy

13.45 Bård Frydenlund: Var kaperfarten til skade for landet?

13.45-14.30 Te og kaffi

14.30-15.15 Ragnhild Hutchison: Endringer i norske handelsmønstre fra før til etter kapertiden

15.15-16.00 Halvard Leira: Kaperi og statsbygging - ikke statlig voldsmakt i et statsvitenskapelig perspektiv

16.00-16.30 Generell debatt: Kva er det vi no ikkje veit om kaperfart og folkerett? Kan dette bli til ei bra bok?

16.30 Slutt

 

Påmelding til  n.naguib.leerberg@gmail.com

Publisert 1. mars 2013 16:23 - Sist endret 21. mai 2013 16:46