MarIus 520: Prisavslag utmålt etter rettekostnader

Forfatter: Siv Snipsøyr

Emnet for avhandlinga er realkreditors krav på prisavslag utmålt etter
rettekostnadar. Hovudproblemstillingane i denne avhandlinga er knytt
til vilkåra som gjeld for prisavslag, og til omfanget av realdebitors ansvar
der realkreditor får prisavslag utmålt etter rettekostnadar. Under dette
skal vi også sjå på høvet til andre utmålingsmetodar ved prisavslag og
høvet til dei to mishaldssanksjonane retting og skadebot. Den raude
tråden i avhandlinga er likevel prisavslag utmålt etter rettekostnadar, og
alle problemstillingar vi skal gjennom er knytt til dette.
Prisavslag er ein mishaldsanksjon med lange historiske røter, og har
etter kvart fått eit solid fotfeste i norsk kontraktsrett. Sanksjonen vert ofte
gjort gjeldande, og ny praksis frå Høgsterett viser at det stadig kjem opp
uavklarte og nokså ulikarta spørsmål kring prisavslag.

 

Av Forfatter: Siv Snipsøyr
Publisert 26. sep. 2019 11:41 - Sist endret 26. sep. 2019 11:41