Alle saksdokument som vert framstilt ved Det juridiske fakultet er i utgangspunktet offentlege. Unntak frå prinsippet om offentlegheit krev heimel eller medhald i lov.
Det finnes tre hovudområder for unntak frå offentligheit:
- Interne tilhøve
- Teieplikt
- Samfunnsmessege omsyn
Sakshandsamaren eller leiar er ansvarleg for å vurdere om dokument eller enkeltopplysningar skal haldast unna offentlegheita. Ingen dokument eller opplysningar kan haldas unna offentlegheita utan lovheimel.
Offentleg journal
Offentleg journal er ein rapport som vert laga på grunnlag av det som vert registrert i arkivsystemet ePhorte. Offentleg journal vert gjort kjend kvar veke på nettstaden til UiO.
Skal du be om innsyn eit dokument eller ei sak, så treng vi
- Din e-postadresse eller postadresse
- Saks- og dokumentnummer, til dømes 2010/99999-1
Kopi av dokumenta vert sende til din e-postadresse eller postadresse. Klage på nekting av innsyn skal sendes postmottak@admin.uio.no innan 3 veker frå du har motteke nektinga, Sjå elles offentleglova, §9 tredje ledd, og forvaltningslova.§29.