JUS-eining først med praksisplass for flyktningar

Tabassom Fanaian er den første flyktningen som har fått plass på akademisk praksis ved UiO. Praksisplassen er ved PluriCourts – Senter for forsking om legitimiteten til internasjonale domstolar.

Tabassom Fanaian og senterleiar Geir Ulfstein

BådeTabassom Fanaian og senterleiar Geir Ulfstein er glade for at ordninga med akademisk praksis har gjort det mogleg for henne å arbeida minst tre månader ved senteret PluriCourts ved UiO.

Foto: Ola Sæther/Uniforum

Praksisplassen er ein del av eit samarbeid mellom UiO og Oslo kommune der flyktningar får høve til å arbeide tre månader ved ei eining ved UiO. Ordninga er kalla Akademisk praksis.

Flott, meiner senterleiar

I følge ein artikkel i Uniforum er Senterleiar Geir Ulfstein glad for at PluriCourts har fått inn Tabassom Fanaian på denne ordninga.

– Det er flott at ho og andre flyktningar på denne måten kan få bruka utdanninga si på eit område dei kjenner. For oss er det også til stor nytte, sidan me får utvida kunnskapsområdet vårt, seier Ulfstein til Uniforum. Han foretel og at ho mellom anna skal driva med forskingsadministrasjon, og delta i arbeidet med å planleggja og organisera konferansar.

Sjå heile artikkelen på uniforum.no.

Av Steinar Hafto Myre
Publisert 20. mai 2016 14:42