Jus-forskar til finalen i Forskar Grand Prix

Milos Novovic frå Det juridiske fakultetet sørga for dobbeltsiger til UiO i Oslofinalen av Forskar Grand Prix. Samman med finalevinnaren Maren Ranhoff Hov frå Det medisinske fakultet, deltek Milos i finalen laurdag 1. oktober.

Billete av vinnarane.

GLADE VINNARAR: Milos Novovic frå Institutt for privatrett, UiO og Maren Ranhoff Hov frå Det medisinske fakultetet, UiO tok andreplassen og førsteplassen i Forskar Grand Prix Oslo. På biletet får dei  delt ut premiane av rektor Mari Sundli Tveit ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.(NMBU). Bak står dei andre finalistane i landsdelsfinalen i Oslo.

Foto: Yngve Vogt /Apollon

Milos Novovic sin presentasjon i konkurransen viste korleis store amerikanske nettselskap som Google, Facebook og Spotify får tilgang og eigarskap til alle bilete, videoar og tekst me legg ut på nettet.

Miloš Novović har vore stipendiat ved Institutt for privatrett sidan 2013, og skriv ein avhandling som handlar om lisensiering av brukarinnhald på nettet. Forskninga kombinerer opphavsrett, kontraktsrett og internasjonal privatrett.

Sjå omtale av Oslofinalen av Forskar Grand Prix i Uniforum.

Publisert 30. sep. 2016 07:56 - Sist endra 30. sep. 2016 08:06