Studentstillingar ved Det juridiske fakultet

Det juridiske fakultet tilset studentar i fleire typer stillingar. Nokre med berre administrative gjeremål, medan andre gir høve til å jobbe med masteroppgåva som vitskapelege assistentar.

Vitskapelege assistentstillingar

Institutta tilset vitskapelege assistentar med ulik stillingsstorleik og -oppgåver. Stillingane kan vere 100% stillingar der ein tilsett ferdige kandidatar, eller studentstillingar der nokre av studentane har stillinga medan dei skriv masteroppgåve.

Stillingane som er knytte til arbeid med avhandling har pliktarbeid med ulikt omfanget  avhengig av tilknyting til institutt/forskargruppe.

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt på karakterar, men også andre forhold.

Stillingane som vitskapelege assistentar er ein viktig rekrutteringsbase for dei framtidige forskarane ved fakultetet, og er rekna som ein viktig del av forskingsmiljøa ved institutta.

Administrative studentstillingar

Institutta, fakultetsadministrasjonen og Juridisk bibliotek tilset studentar i administrative stillingar med ulik stillingsbrøk. Stillingane er ofte knytta til servicefunksjonar.

Intervju med vitskapelege assistentar