English version of this page

Manglande mangfald blant internasjonale dommarar kan true domstolanes legitimitet

I ei ny bok om identitet og mangfald blant internasjonale dommarar undersøker Freya Baetens verknaden overrepresentasjon av dommarar frå enkelte bakgrunnar har på legitimiteten til internasjonale domstolar.

Fem mennesker med ulik hudfarge og kjønn sitter bak eit bord og holdar opp skilt med spørsmålsteikn..

Har bakgrunna til dommarane noko å seie for utfallet til saka? Illustasjon: Colourbox

«Mangfaldet i Den europeiske menneskerettsdomstolen er på veg ned» seier Professor i folkerett og koordinator hos PluriCourts (UiO), Freya Baetens.

Kvart av dei 47 medlemslanda i Europarådet har si eige dommar. Medlemslanda nominerer tre personar som dei regnar som kapable for rolla. Berre to av dei nominerte kan vere av same kjønn.

«Med ein gong talet kvinnelege dommarar hadde nådd ein tredjedel, mente fleire av medlemslanda at det var nok mangfald. Malta og Belgia nominerte tre menn og argumenterte med at dei ikkje kunne finne ei kompetent kvinne frå deira land. Gitt at dette var sant, i staden for å bryte mangfaldskravet, kunne dei nominert nokon frå eit anna land. Noko Liechtenstein ofte gjer. Der er ikkje noko krav om å nominere kandidatar frå eiga land», seier Baetens.

Bildet kan inneholde: briller, smil, visjon omsorg, øyenbryn, organ.
Professor Freya Baetens. Foto: UiO

Denne diskusjonen går rett i kjernen av Baetens siste bok Identity and Diversity on the International Bench (Identitet og mangfald i internasjonale domstolar).  Boken undersøkjer korleis overrepresentasjon av dommarar frå spesifikke bakgrunnar innverkar på utfallet og legitimiteten til internasjonal domstolar og tvisteløysning.

Kvite, mannlege, engelskspråklege og vestlege

Internasjonale domstolar og tvisteløysningsmekanismar har makta til å bestemme øve tiltaler om alvorlege brot på menneskerettane og andre internasjonale lovbrot i heile verda. Likevel er ei lita gruppe menneskar overrepresentert som dommarar, medan andre grupper framleis er underrepresentert.

«Trass alle moglege insentivordningar og opprop om å inkludere fleire grupper, er internasjonale dommarar stort sett kvite, mannlege, frå Nord-Amerika eller Europa, ofte engelskspråklege og ofte frå ein privilegert sosioøkonomisk bakgrunn.»

Eit viktig funn i boken er viktigheita av utdanning, da særleg kvar dommarane studerte rettsvitskap.

«Eit av hovudfunna våre er at utdanning har større innverknad på kven som er dommarar enn nasjonalitet. Sagt på ei anna måte, når det kjem til juridisk resonnement, er det viktigare kor dommarane har studert enn kor dei gjekk på barneskule.»

«Det er på ei måte fint for professorar å vite at utdanning er så viktig, men det tvingar oss også til å tenke på kor tilgjengeleg god utdanning er. Tek vi inn studentar på universitetet på bakgrunn av kven dei er eller kven foreldre deira er, eller tek vi inn studentar fordi dei har ei stor intellektuell kapasitet», spør Baetens.

Mange vegar var stengd for ho

Baetens fortellar at meir enn halvparten av kapitla i boken er skreve av kvinner. Yngre forskarar og praktikarar har skrevet om lag ei tredjedel og meir enn halvparten av kapitla er skrevet av ikkje-europearar.

Ei av bidragsytarane er den Syd-Afrikanske juristen Navanethem Pillay, som har skreve forordet til boken. Gjennom karrieren har Pillay vore FNs høgkommissær for menneskerettar, dommar i Den internasjonal straffedomstolen, i tillegg til å først vere dommar så President for Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda. Ho var også den første ikkje-kvite kvinnelege dommaren i den høgare domstolen i Syd-Afrika.

Trass ei imponerande CV har ikkje vegen hennar til domstolen vore lett:

«Sjølv om ho er ei av dei første kvinnelege dommarane i Afrika, og ei av dei første afrikanske kvinnar som tok ei doktorgrad på Harvard, fekk ho ikkje arbeid i nokre advokatselskap. Ho måtte i staden starte sitt eige. Det betydde ikkje noko at ho var ei strålande advokat. Ho var ei kvinne, og farga, så mange vegar var stengt for ho», forklarar Baetens.

Ei gruppe likemenn

Navanethem Pillay er no ad-hoc dommar i ein pågåande sak mellom Gambia og Myanmar i Den internasjonale domstolen i Haag, kor Gambia har tiltalt Myanmar for folkemord på Rohingya-minoriteten i landet.

«Vi ønskjer ikkje at ei sak som det berre skal bli avgjort av kvite, europeiske menn. Dette er viktig både for individuell rettferd, men og for legitimiteten til systemet», seier Baetens.

Dommaranes identitet er kanskje ikkje den einaste eller den avgjerande faktoren for korleis dei stemmar. Likevel illustrerer boken korleis mangelen på mangfald innverkar på den juridiske prosessen, både når det kjem til utfall og med korleis dei blir overheldt. Dette kan igjen ha konsekvensar for legitimiteten til folkeretten.

«Identitet kan påverke korleis du analyserar sakar som ei advokat. Viss du for eksempel er trena opp i eit ‘common law’-system påverkar det korleis du ser på bevis og handterer vitne. Dersom du aldri har forlate universitetsbiblioteket kan det vere element i ein rettssak du ikkje forstår», forklarar Baetens.

«Internasjonal domstolar er avhengig av at folk aksepter og overheld avgjersler, sjølv om dei ikkje er i deira favør. Det er lettare for folk å oppfatte ei avgjersle som ‘riktig’ om dei har blitt dømt av ei gruppe dei stolar på, ei gruppe likemenn.»

 

 

Av Lina Christensen
Publisert 15. feb. 2021 12:48 - Sist endret 15. feb. 2021 13:04