English version of this page

Vi forskar på

Menneskerettar HandelStrafferettInvesteringMiljøResearch Topic 5: ModellarResearch Topic 1: OpphavResearch Topic 2: FunksjonResearch Topic 3: EffektResearch Topic 4: Legitimitet

PluriCourts studerer internasjonale domstolars legitimitet frå rettslege, statsvitskaplege og filosofiske perspektiv. Senteret forskar på om påstandar om manglande legitimitet har normativt, empirisk og juridisk grunnlag, for å forstå og vurdere korleis internasjonale domstolar kan og bør reagere og korleis dei faktisk reagerer.

PluriCourts forskar på fleirdimensjonale legitimitetsstandardar. Dette inkluderer maktfordeling på fleire nivå, sjølvstende og ansvarsplikt, prestasjon og komparative fortrinn. PluriCourts har òg som mål å finne fram til  mønsterpraksis og modellar for å etablere, betre eller avskaffe internasjonale domstolar.

Forskningstema

Legitimitetsstandardar

Kvifor og når fortener internasjonale domstolar kritikk eller vørdnad?   

Maktfordeling på fleire nivå

Vertikale og horisontale relasjonar med internasjonale domstolar

Sjølvstende og ansvarsplikt

Maktfordeling og delegeringsproblem i internasjonale domstolar

Prestasjon

Korleis vel, bestemmer og rettferdiggjer internasjonale domstolar saker?

Komparative fortrinn

Når gjer internasjonale domstolar jobben sin betre enn alternative institusjonar og praksisar?

Mønsterpraksis og modellar

Standardar for å etablere, betre eller avskaffe internasjonale domstolar

Saksområde

Menneskerettar

Menneskerettsdomstolar på regionale og internasjonale nivå

Handel

Tvisteløysing under Verdshandelsorganisasjonen (WTO)

Strafferett

Internasjonale straffedomstolar

Investering 

Mekling i investeringstvistar

Miljø

Tvisteløysing i eit felt utan ein spesialisert internasjonal domstol

Den internasjonale domstolen (ICJ)

Internasjonal domstol med allmenn jurisdiksjon

Havrett

Den internasjonale havrettsdomstolen (ITLOS)

Europarett

EU-domstolen (CJEU)