English version of this page

REF-ARAB

Dette forskingsprosjektet utviklar kunnskap om rettane til flyktningar i det arabiske Midtausten – ein region kor få land underteikna flyktningkonvensjonen. Prosjektet byggjer på både historiske og juridiske perspektiv for å undersøkja kva som kjenneteiknar flyktningvern i denne regionen og forstå praksisen til ulike aktørar på lokalt, nasjonalt og globalt nivå.

Biletet viser byen Jeddah i Saudi Arabia.

REF-ARAB forskar på flyktningvern i det arabiske Midtausten. Foto: Pinky Binks

Om prosjektet

Kva karakteriserer flyktningvern i land som blir stilte overfor store tilstrøymingar av flyktningar, og som ikkje har slutta seg til FN sin flyktningkonvensjon?

I det arabiske Midtausten er det berre Egypt og Jemen som har ratifisert konvensjonen. Trass i dette har statar i regionen ei kompleks historie både som opphavs- og mottaksland for store flyktninggrupper. I dag er meir enn 60 prosent av flyktningane i verda i Midtausten og Nord-Afrika, og syrarar utgjer den største flyktningpopulasjonen i verda.

Forskingsprosjektet «Flyktningar og det arabiske Midtausten: Vern i statar som ikkje er part i flyktningkonvensjonen» (REF-ARAB) har som mål å utvikle eit rammeverk for å studere dei mange aspekta av flyktningvern i regionen. Dette gjer ein gjennom å utforske praksisen til ulike aktørar, og samspelet mellom dei, på globalt, nasjonalt og lokalt nivå.

REF-ARAB har hovudsidene sine på engelsk.

Finansiering

REF-ARAB har fått midlar frå Forskingsrådets FRIPRO program.

Publisert 15. aug. 2019 09:56 - Sist endra 21. juni 2023 12:01