MR-forum: Er Verjemålslova i tråd med Noregs forpliktingar etter CRPD artikkel 12?

Nasjonal institusjon for menneskerettar inviterer til seminar om norsk verjemålslovgiving og tilhøvet til FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Ordstyrar: Kristin Høgdahl

Innleiing ved Justisdepartementets lovavdeling og kommentarar frå bl.a. Likestillings og diskrimineringsombodet og sivilt samfunn.

FNs komité for rettane til personar med nedsett funksjonsevne tek i sin generelle kommentar nr. 1 om CRPD art 12 frå april 2014 til orde for full avskaffing av verjemål og innføring av konseptet «supported decision-making» i alle situasjonar. Generelle kommentarar frå FN sine ekspertkomitear skal ha stor vekt ved tolking av konvensjonen, noko som talar for at norsk lovgiving kan vere å sjå som i strid med konvensjonen.

Komiteen fekk imidlertid ei rekkje kritiske tilbakemeldingar i høyringsrunden før vedtakinga av den generelle kommentaren. Fleire av desse kritiske merknadene gjer seg framleis gjeldande, mellom anna spørsmålet om korleis ein kan tale om «supported decision-making» når den funksjonshemma er utan evne til å danne seg eigne synspunkt.

NI ønskjer å utreie denne problemstillinga vidare, og inviterer alle interesserte til å delta, og kome med innspel, på seminaret. 

Påmelding per epost

Publisert 10. okt. 2014 11:10 - Sist endret 20. okt. 2014 13:04