Det vert emnesperrer frå hausten 2019

Programrådet for mastergraden i rettsvitskap har vedteke at det vert emnesperrer på masterstudiet i rettsvitskap frå og med hausten 2019.

– Emnesperra gjer at studentane no blir vurdert saman med berre andre studentar på same nivå, og ikkje og mot studentar frå eit høgare nivå. Dei får ein riktigare vurdering, og som eg har sagt før kan ein godt si at me får ein meir rettferdig konkurranse, seier studiedekan Erling Hjelmeng.

I dag kan vidarekomne studentar ta opp att eksamenar i første del av studiet, og ifølge studiedekanen kan det påverke karaktersettinga og tilbakemeldingane fordi desse har eit fagleg høgare nivå enn det som kan ventast av førsteårsstudentane.

Frå hausten 2019 er det slutt på dette.

Rører ikkje gjentaksforsøka

– Vi gjer ikkje noko med talet på gonger studentane kan ta opp att eksamen - for gjentaksforsøka er grensa framleis fire forsøk i løpet av studietida. Studiedekanane ved dei to andre juridiske fakulteta og eg er samde om at det er fleire tiltak me ønsker å sjå på før vi vurderer å gjere noko med gjentaka, understrekar studiedekanen.

Hjelmeng peiker på faglege omleggingar, nye evalueringsformer og bestått/ikkje bestått som tiltak ein vil sjå nærare på.

Ønsker dialog med studentane

Eg er godt kjend med at fleire studentar er urolege over både emnesperra som no er vedteke, og andre tiltak som blir diskutert. Det er derfor viktig for meg å få fram at emnesperra ikkje vert innført over natta, og at dei andre endringane skal drøftast på ein måte som gjer at studentane sine synspunkt kjem fram, seier studiedekan Erling Hjelmeng.

Han opplyser at i tillegg til at Juridisk studentutval er representert i dei formelle organa ved fakultetet, så planlegg fakultetet dialogmøte med studentorganisasjonane etter ferien.


Vedtaket

(Forslaget vart vedtatt med 8 mot 2 røyster - me tek atterhald for at protokollen frå møtet ikkje er godkjend)

Det innføres emnesperre på masterstudiet i rettsvitenskap med virkning fom. høsten 2019. Følgende emner sperrer for følgende emner:

  • JUS1111 kan kun gjentas til semesteret man har en eksamensmelding i emnet JUS2211. Studenten har da anledning til å gjenta emnet samme semester som JUS1211 eller når JUS2111 avlegges.
  • JUS1211 kan kun gjentas til semesteret man har en eksamensmelding i emnet JUS3111. Studenten har da anledning til å gjenta emnet samme semester som JUS2111 avlegges eller når JUS2211 avlegges.
  • JUS2111 kan kun gjentas til semesteret man har en eksamensmelding i emnet JUS3212 eller JUS3220. Studenten har da anledning til å gjenta emnet samme semester som JUS2211 avlegges eller når JUS3111 avlegges.
  • JUS2211 kan kun gjentas til semesteret man har en eksamensmelding i emnet JUS4211 eller JUS4111 eller JUS4121/JUS4122/JUS4123. Studenten har da anledning til å gjenta emnet samme semester som JUS3111 avlegges eller når JUS3212/JUS3220 avlegges.
  • JUS3111, JUS3212, JUS3220 og valgemner på bachelornivå kan kun gjentas til semesteret man har en eksamensmelding i emnet JUR5030 eller JUR5060. Studenten har da anledning til å gjenta emnet i løpet av året hvor 4. studieår avlegges, eventuelt valgemner.
  • Det settes ingen emnesperre på 4. eller 5. studieår.

 

Av Steinar Hafto Myre
Publisert 5. juni 2018 12:10 - Sist endret 5. juni 2018 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere