Utsatt frist til 9. desember for å melde kandidatar til fakultetsstyret

Studentane har tre representantar i fakultetsstyret, ein av disse er på val hausten 2019. Ein treng fleire kandidatar, og det er no utsatt frist for å melda kandidatar for val til fakultetsstyret for perioden 01.01.20-31.12.20

Til fakultetsstyret skal det veljas 1 representant og 2 rangerte vararepresentantar av- og frå fakultetet sine studentar. Valstyret ber om at forslag til kandidatar til  desse verva vert sendt til valstyret sinsekretær Eirik Haakstad, eirik.haakstad@jus.uio.no, seinast 9. desember 2019.

Meir informasjon om fakultetsstyret er å finna i fakultetet sitt administrasjonsreglement §§ 2-7.

Av administrasjonsreglementet går det fram at studentane har tre representantar i fakultetsstyret, og éin må være uavhengig av Juridisk studentutval (JSU). Valbar til fakultetsstyret er studentar med stemmerett, som er dei som er semesterregistrert ved Det juridiske fakultet, og som ikkje allereie innehar verv i JSU.

Kven som kan fremja forslag

Alle studentar med stemmerett kan fremja forslag på valbare studentar. Kandidatforslag skal leggjast fram skriftlig til valstyret, og vera underskrivne av minst like mange som talet på kandidatar forslaget inneheld.

Om valbarheit og forslag til kandidatar gjeld Valreglement for UiO § 9 og § 10.

Valperiode

Valet vert gjennomført som elektronisk val i perioden 13. til 19. desember 2019.

Sjå òg fakultetet sine nettsider for valet.

 

For valstyret,
Eirik Haakstad
sekretær

Publisert 3. des. 2019 12:42 - Sist endra 3. des. 2019 12:45