Om prosjektet
EU/EØS-reguleringa om data og kunstig intelligens er kompleks. Kompleksiteten kjem mellom anna av det høge tempoet i EUs regulering, at rettsaktene har eit omfattande omfang og er svært tekniske. Tempoet og omfanget av reguleringane har ført til eit stort etterslep i gjennomføringa av regelverket i EØS/EFTA-statane. Ein annan kompliserande faktor er at dei aktuelle EU/EØS-rettsaktene er sektorovergripande og har berøringsflater mot ei rekkje andre reguleringar om til dømes opphavsrett, forretningsløyndommar, personvern og tilbydarar av informasjonssamfunnstenester.
Prosjektet byggjer på ein antakelse om at det er mangel på klarheit i EU/EØS-lovgivinga om korleis rettsaktene forheld seg til kvarandre og til eksisterande regelverk, mellom anna opphavsrettsdirektiva. Vidare kan det oppstå uvisse ved tolking, gjennomføring og bruk av regelverket som følgje av seinare teknologisk utvikling, til dømes fordi nye fenomen må subsumerast under eksisterande regelverk. Regulatoriske strategiar som Future proofing og metaregulering kan vera nyttig i lovgiving om kunstig intelligens og annan teknologi som utviklar seg raskt. I den samanhengen kan bruk av vage omgrep eller rettslege standardar vera eit medvite EU-lovgivarval, men lovgivingsteknikken kan òg føra til rettsleg uvisse.
Mål
Prosjektet søkjer å bidra med ny innsikt i korleis dei regulatoriske utfordringane på området speler seg ut i ein EØS-kontekst. Prosjektet analyserer korleis ulike former for rettsleg uvisse og uklarleik oppstår på området, kva det betyr for ulike aktørar (nasjonal lovgivar, EU-lovgivar og private partar) og korleis ein kan og bør tilnærma seg problema.