Sensur av ansvarsfråskrivingar og ansvarsavgrensingar i norsk avtale-, kontrakt- og erstatningsrett

Føremålet med prosjektet er å analysere kva som skal til for at domstolane heilt eller delvis vil setje til side ei avtalt ansvarsfråskriving. Eit sentralt spørsmål i samband med dette er kva som skal til for at ei ansvarsfråskriving skal reknast som «urimeleg» etter avtl. § 36.

Bildet kan inneholde: gjøre, penn, skrive redskap, rektangel, parallell.

Illustrasjon: Colourbox.com

Om prosjektet

Ordet «ansvarsfråskriving» er eit noko upresist uttrykk for ulike typar avtalevilkår som regulerer konsekvensane av kontraktbrot eller erstatningsvilkårleg åtferd elles. Om avtalevilkåret går ut på at misleghalds- eller erstatningsansvaret skal reduserast eller falle bort trass i at ansvar elles ville bli pålagt etter bakgrunnsretten, er det vanleg å klassifisere det som ei ansvarsfråskriving eller ansvarsavgrensing.

Det rettslege utgangspunktet er at partane med heimel i den alminnelege avtalekompetansen har fri tilgang til å avtale ansvarsfråskrivingar. Problemstillinga som forskingsprosjektet skal sjå nærare på, er kva som skal til for at ei ansvarsfråskriving kan setjast til side – enten på grunn av manglande vedtak, (innskrenkande) tolking og ugyldigheit. Avhandlinga vil i hovudsak fokusere på ugyldigheitsspørsmålet, og då særleg på spørsmålet om rammene om avtalefridomen i lys av generalklausulen i avtl. § 36. Likevel fører den indre samanhengen mellom dei ulike sensurgrunnlaga med seg at vedtakings- og tolkingsspørsmåla også må komast inn på i ei visst grad.

Ei viktig underproblemstilling er om, og eventuelt på kva måte, det lar seg oppstille meir faste generelle eller typetilfellebaserte prinsipp om tilsidesetjing av ansvarsfråskrivingar enn den konkrete urimelegvurderinga som avtl. § 36 legg opp til. I samband med det er det særleg grunn til å undersøkje grunnlaget for, og eventuelt innhaldet i, tradisjonelle oppfatningar om tilsidesetjing av ansvarsfråskrivingar på grunnlag av den såkalla «læra om grov eigenskyld», at «generelle ansvarsfråskrivingar skal tolkast innskrenkande», det såkalla «Wingullprinsippet», osv.

Analysen vil bestå av ein alminneleg og spesiell del. I den alminnelege delen vil det bli diskutert korleis domstolane går og bør gå fram når det blir tatt stilling til spørsmål om tilsidesetjing av ansvarsfråskrivingar uavhengig av kontrakttype og avtaleform. I den spesielle delen blir det same spørsmålet behandla innanfor enkelte utvalde kontrakttypar og avtaleformer. I utgangspunktet vil forskingsprosjektet sjå nærmare på reglane innanfor næringskjøp, rådgjevingskontraktar og standardavtalar med forbrukar, men av omsyn til rammene i avhandlinga må nok temaet skjerast til ytterlegare etter kvart.

For aktørane i næringslivet er det svært viktig å vite kor langt ein kan gå i å fråvike risiko- og ansvarsreglane i bakgrunnsretten, og korleis ein eventuelt må gjere dette med omsyn til formulering og vedtaking. I tilhøvet mellom profesjonelle partar er dette vesentlege spørsmål allereie frå kontraktforhandlingsstadiet når dei ulike risikoane skal identifiserast, regulerast og prisast. Ein føresetnad for adekvat prising av kontraktregulert risiko er naturlegvis at reguleringa vil bli oppretthalde i ein eventuell framtidig tvist for domstolane.

I forbrukartilfella vil normalt avtalte ansvarsfråskrivingar gå fram av einsidig utarbeidde standardvilkår frå den næringsdrivande si side. Fordi slike standardvilkår som regel ikkje er gjenstand for konkrete forhandlingar i forkant av kontraktinngåinga, vil spørsmål om kor vidt ansvarsfråskrivinga er gyldig først oppstå etter kontraktbrotet har skjedd eller skaden er skjedd. Behovet for klåre reglar er minst like viktig på dette området. For dei fleste forbrukarar sit det langt inne å gå til søksmål for å hevde retten sin på grunnlag av rettsreglar som opnar for ei konkret heilskapsvurdering, slik avtl. §§ 36, 37 og forbrukaravtaledirektivet (i alle fall tilsynelatande) gjer.

Mål

Avhandlinga er forventa ferdig 2025.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Universitetet i Oslo.

Publisert 9. aug. 2021 14:27 - Sist endra 7. des. 2021 14:29