Midtvegsevaluering: Utmark i hopehav

Midtvegsevaluering for stipendiat Marit Heier Lajord som vil presentere doktorgradsprosjektet sitt «Utmark i hopehav».

Bildet kan inneholde: ansikt,hår

Marit Heier Lajord. Foto: UiO

Kommentator

Professor Ernst Nordtveit, Universitetet i Bergen

Leiar av evalueringa

Professor Margrethe Buskerud Christoffersen, instituttleiar ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo.

Rettleiarar

Professor Geir Stenseth, Universitetet i Oslo, førsteamanuensis Sigrid Stokstad, Universitetet i Oslo.

Om temaet for avhandlinga

Avhandlinga handlar om norsk utmark – om fjell, vidder, elver, vatn og skogar; om ressursar som gras og anna beite, tømmer, vilt, fisk og store areal i seg sjølve. Ein viktig føresetnad er at ressursane, bruken av dei og sjølve utmarka er mykje av den same, til like med problemkompleksa og konfliktlinene, trass geografiske, topografiske, kulturelle og etniske skilnader. Samstundes er utmarka i endring, der tradisjonell bruk som beite, jakt, fiske, stølsdrift og tømmerdrift kan stå i strid med ny utvikling som utbygging av hytter, energi og annan infrastruktur, medan friluftsliv, verne- og miljøinteresse kan gje nye konfliktliner.

Om bruken, utnyttinga og konfliktane er likearta, er det samstundes klåre skilnader i eigarskap, rettsleg rammeverk og kven forvaltinga ligg til, mellom ulike forvaltingsmodellar. Nett forvaltingsmodellar er gjenstand for undersøking og kan, noko forenkla, seiast vera representasjonar eller system for korleis rettar og interesser i utmarka vert forvalta. Skilnadane femner elles ulike former for offentleg, privat og uklårt eigarskap, modellar som er lovfesta og ufråvikelege, så vel som friviljuge og deklaratoriske, der eigarskapen, bruken og forvaltinga kan vera sameina eller åtskilde. Desse skilnadane er utgangspunktet for avhandlinga. Hovudtyngda handlar elles om privatrettsleg utmarksforvalting, det vil seie forvalting av ressursar på grunnlag av eigarskap annan avgrensa rett eller avtale.

Målet med avhandlinga er å gjere ei samanfattande undersøking av sentrale forvaltingsmodellar i norsk utmark. Gjennom å sjå nærare på statsallmenningar, bygdeallmenningar, jordsameige, utmarkslag, bygdelag, bygdesameige og Finnmarkseiendommen (FeFo), er freistnaden å seie noko om korleis mangfaldige og kryssande rettar og interesser i utmarka er organiserte. Likskapar og skilnader i eigarskap, rettar og rettslege rammeverk, er noko av det som vert handsama nærare, saman med skiftande føremål og forvaltingsomgrep, medrekna kven forvaltinga ligg til og i kva utstrekning det gjer seg gjeldande særskilde føringar. Ut frå likskapar og skilnader i føremål, forvaltingsomgrep og rettslege kjenneteikn vil avhandlinga kunne seie noko om samanhengen i norsk utmarksforvalting.

For å svare på problemstillinga, vert det til innleiing, i del I, sett noko nærare på omgrepet forvaltingsmodell, ulike rettslege og teoretiske forvaltingsomgrep og dei rettshistoriske omgjevnadane til utmarksforvaltinga.

I del II har høvesvis statsallmenningane, FeFo, bygdeallmenningane, jordsameige og andre samrettshøve, og utmarkslag kvar sine kapittel. Kvart av dei omhandlar den organisatoriske framveksten, eigarskap og andre underliggande rettar, rettsleg rammeverk og organisering, spørsmål om kven som styrer, noko om forvaltinga og om det gjeld særskilde føringar for den, meir teoretiske vurderingar av dei einskilde forvaltingsomgrepa og føremålsorienterte analysar. Dei same spørsmåla vert stilt for bygdelag, siidaer og andre tenkelege forvaltingsordningar for utmarka i Nord-Noreg. Då eigarskapen og andre underliggande tilhøve er under kartlegging, og innretting av andre potensielle forvaltingsordningar kan ha fleire løysingar, er spørsmåla fleire og uvissa større for denne delen av utmarka.

Til avslutning, i del III, vert det gjort nokre tverrgåande analysar, der det vert sett nærare på korleis særs ulike krinsar av eigarar og rettshavarar, friviljug eller tvungen organisering, kløyvd eller samla forvalting, nærvær eller fråvær av samanheng mellom underliggande tilhøve og ulike forvaltingsomgrep, til saman gjev nokre bilete av samanhengen i norsk utmarksforvalting.

Program

  • Marit Heier Lajord - Presentasjon av avhandlinga (30 min.)
  • Ernst Nordtveit - Kommentarar (30 min.)
  • Open diskusjon (30 min.)
  • Lukka møte (30 min.)

Retningslinjer og gjennomføring - midtvegsevaluering

Retningslinjer for midtvegsevaluering for doktorgradsprogrammet ved Det juridiske fakultet, UiO.

Delta 

Arrangementet er ope for alle.

Kontakt

Kristin Koren Viksjø

Publisert 26. mai 2026 09:29 - Sist endra 28. mai 2026 12:49