Utmark i hopehav

Varigheit
01.08.2022–01.05.2027

Prosjektet undersøker forvaltingsmodellar i norsk utmark – statsallmenningar, bygdeallmenningar, jordsameige, utmarkslag, bygdelag og -sameige og Finnmarkseiendommen. Målet med prosjektet er å seie noko om karakteren av forvaltingsmodellane og samanhengen i utmarksforvaltinga.

Bildet kan inneholde: fjellrike landformer, fjell, naturlandskap, høyde, høylandet.

Foto: Marit Lajord.

Kontaktpersonar

Om prosjektet

I norsk utmark er bruken, ressursane, og problemkompleksa, som konfliktar mellom tradisjonell bruk og utbygging, likearta. Medan det er klåre skilnader i eigarskap, rettsleg rammeverk og kven som forvaltar ressursane. I Statsallmenningar, bygdeallmenningar, jordsameige, utmarkslag, bygdelag og -sameige og Finnmarkseiendommen vert utmarka dels forvalta i fellesskap. Desse forvaltingsmodellane femner ulike former for offentleg, privat og uklårt eigarskap, og lovfesta og ufråvikelege, så vel som friviljuge og deklaratoriske modellar. Utgangspunktet for prosjektet er skilnadane mellom modellane.

Eg ser på likskapar og skilnader i eigarskap, rettar, organisering og rettslege rammeverk, og dei ulike formene for sams forvalting vert sett i samanheng med dei underliggande tilhøve.

Mål

  • Seie noko om karakteren av dei ulike forvaltingsmodellane og samanhengen i norsk utmarksforsvalting.
  • Seie noko om ulike forvaltingsmodellar i møte med endra bruk av utmarka.

Deltakarar

Finansiering

Prosjektet er finansiert av UiO.

English version of this page
Publisert 26. aug. 2025 12:47 - Sist endra 26. aug. 2025 12:53