Informasjon om seminarlokalet Kjerka og loungen Viggo Hagstrøms sal

"Kjerka" er eit seminar-/konferanselokale og Viggo Hagstrøms sal er ein tilhøyrande lounge. Lokala ligg i 2. etasje i Domus Media Vest, Karl Johans gt. 47.

Her følgjer informasjon om bruk og utlån av lokala.

Seminarlokalet Kjerka

Om lokala

Kjerka har plass til inntil 50 personar. Rommet har stolar og møtebord og dessutan AV-utstyr. Ved lån av Kjerka blir samtidig disponert Viggo Hagstrøms sal som er ein tilhøyrande lounge. Romma ligg inne i lokala til Institutt for privatrett, og ved bruk av loungen vil det vera gjennomgang av tilsette frå instituttet. Kjerka og Viggo Hagstrøms sal kan ikkje nyttast samtidig til ulike arrangement sidan inngang til Kjerka er via loungen.

Kven kan nytta lokala

Loungen Viggo Hagstrøms sal
Loungen Viggo Hagstrøms sal

Lokala blir lånte ut til einingane ved Det juridiske fakultetet og til universitetsleiinga

Kva kan lokala nyttas til

Lokala skal berre nyttast til faglege arrangement og lånast ikkje ut til festar. Unnateke frå dette er doktormiddagar* for stipendiatar ved Det juridiske fakultetet.

Gjester skal berre opphalda seg i Kjerka og Viggo Hagstrøms sal, ikkje i tilstøtande tilsettlokale.

Tilkomst

Tilkomst skjer via inngangen som er frå vestsida mot Domus Biblioteca/Frederiks gate, ved Aulakjelleren. Ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Inngang via Aulatrappen er ikkje tillaten. Det er eigen gong inn til Kjerka frå trappa, og det må bestillast open døyr under arrangement med eksterne gjester. Ta kontakt med vaktalarm@admin.uio.no om dette.

Link gjerne i invitasjonen til kart i Google-maps som viser tilkomst til Kjerka.

Førebuingar av lokala/rydding/orden

Stoloppsett - Kjerka
Bord og stolar i Kjerka - Normaloppsett

Det er ingen assistanse i samband med arrangement. Arrangør må derfor sjølv sørgja for å førebu lokala (f eks ønskt bordoppsett), og rydde. Lokala må ryddast umiddelbart etter slutten av arrangementet (òg kveldsarrangement) for å vera klart til bruk seinare/neste morgon. Bord og stolar skal ved endringar setjast tilbake til normaloppsett (sjå bilete), søppel blir kasta og eventuelle tomme flasker må takast med. (Det finst konteinar for glasflasker på baksida av bygningen.)

All form for levande lys i og utanfor lokala er forbodne.

IT støtte

Teknisk bistand/tilrettelegging før gjennomføring av arrangementet - ta kontakt med din lokale IT ansvarleg.

Ved tekniske problem som oppstår i løpet av arrangementet ta kontakt med lokal it (it-jus@jus.uio.no).

Servering

Det er ikkje tilgang til kjøkken i tilknyting til lokala, så arrangør må anten bestilla catering eller sjølv ta med ferdiglaga mat. Ved bruk av cateringsselskap må arrangør sjølv sørgja for å vera til stades og ta imot varene ved levering, og avtala med selskapet vedrørande henting av tomme fat og emballasje dagen etter. Dette blir plassert i trappegang ved heisen. Det er ikkje service, glas eller bestikk i lokala.

Lokala har ikkje skjenkjeløyve. Tilsette kan ha lukka arrangement med alkoholservering etter kl 15.00, jf Retningslinjer for bevertning og representasjon ved UiO.

Tryggleik

Ved kveldsarrangementer må arrangør sørge for å oppnevne to brannansvarlige personer som ikke nyter alkohol. Ved arrangementer som varer utover kl 22.30 må det leies inn vakt fra UiOs vaktsentral. Minimum avtale er 3 timer. Send mail til for bestilling.

Ved kveldsarrangement må arrangør sørgja for å oppnemna to brannansvarlege personar som ikkje nyt alkohol. Ved arrangement som varer utover kl 22.30 må det leiast inn vakt frå UiOs vaktsentral. Minimum avtale er 3 timar. Send e-post til vaktalarm@admin.uio.no for bestilling.

Toalett

Det er eitt toalett (handicap) tilgjengeleg ved inngangen til lokalet. I tillegg finst det fleire toalett på inngangsplan ved Aulakjelleren.

Kontaktpersonar for reservasjon

Ørnulf Kristiansen: ornulf.kristiansen@jus.uio.no

Mona Østvang Ådum: m.o.adum@jus.uio.no

 

* Sjå informasjon om servering: Berre mogleg med catering.

 

Publisert 27. apr. 2017 12:07 - Sist endret 2. des. 2021 11:59