Lik løn for likt arbeid på same plass – om forholdet mellom tenestefridom og regulering av løns- og arbeidsvilkår i EU-retten

Varighet
20.01.2020–10.02.2027

Prosjektet kombinerer EU-rett og arbeidsrett i ein studie av forholdet mellom prinsippet om tenestefridom på den eine sida og  vertsstatsregulering av løns- og arbeidsvilkår på den andre.

Mann kokkelerer mat mellom to trailere på veien.

Foto: Håvard Sæbø, FriFagbevegelse.

Kontaktpersoner

Om prosjektet

Prosjektet undersøkjer korleis medlemsstatar i EU og partane i arbeidslivet kan sikra «lik løn for likt arbeid på same plass» for arbeidarar involvert i grensekryssande tenesteyting, med fokus retta mot arbeidarar i transportsektoren.

Frasen «lik løn for likt arbeid på same plass» er inspirert av EU-kommisjonens forslag frå 2016 til endringar av utsendingsdirektivet (96/71/EF). Prosessen enda med eit endringsdirektiv (2018/957) der prinsippet om likebehandling spelar ei viktig rolle.

Utsendingsdirektivet gjeld i situasjonar der ein tenesteytar etablert i ein medlemsstat (heimstaten) sender ut arbeidstakarane sine for å yta tenester mellombels i ein annan medlemsstat (vertsstaten). Direktivet krev at vertsstaten sikrar at tenesteytaren garanterer arbeidstakarane sine nokre særskild angjevne lønns- og arbeidsvilkår, som definert i lovgivinga til vertsstaten og/eller kollektive avtalar. Direktivet gjeld for tenesteytarar i transportsektoren, men ikkje for handelsflåteverksemd. For utsending i vegtransporten gjeld òg meir særskilde reglar.

Prosjektet vil samanlikna dei rettslege regelverka som gjeld for dei ulike transportformene, og vil prøva å forklara og vurdera gjeldande rett i lys av generelle verdiar og prinsipp i EU-retten.

Mål

Målet for prosjektet er å granska og vurdera moglegheitene for å sikra «lik lønn for likt arbeid på same plass» i transportsektoren og å evaluera det rettslege rammeverket.

Deltakere

Finansiering

Prosjektet er ein del av forskningsprosjektet Arbeidsrettslig fagutvikling (Arfa).

English version of this page
Publisert 26. mars 2025 13:01 - Sist endret 26. mars 2025 13:01