English version of this page

Sentralbankar i krisetider

Sentralbankar ser ut til å ha fått ei større rolle i handtering av økonomiske kriser. Denne tendensen har ein særleg sett i etterkant av utbrottet av den globale finanskrisa i 2007 og igjen i samband med covid-19- pandemien. Dette forskingsprosjektet undersøkjer korleis nasjonal og internasjonal rett både legg til rette for og avgrensar sentralbankane si utvida rolle i krisetider.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Juridisk Fakultet, Universitetet i Oslo og Handelshøgskulen ved Høgskulen i Innlandet.

Bildet kan inneholde: oransje, font, bildekk, materiell eiendom, bilhjulsystem.

Colourbox.com, by AlexLMX.

Om prosjektet

Dei siste to tiåra har sentralbankar fått ei større rolle i samband med handtering av økonomiske kriser. Denne tendensen har ein særleg sett i etterkant av utbrottet av den globale finanskrisa i 2007 og igjen i samband med covid-19- pandemien.

I samband med dei nemnde krisen har for eksempel sentralbankar i ein rekkje jurisdiksjonar brukt historisk høge summar på å kjøpe verdipapir i marknaden. Formålet er å legge ut eit omfattande offentleg tryggingsnett under det finansielle systemet. Denne auka i kjøp av verdipapir kan ha fordelingsmessige konsekvensar, noko som inneber at sentralbanken beveger seg frå rein pengepolitikk og over mot finanspolitikk, som normalt er eit kompetanseområde underlagt folkevalde organ (stortinget).

Denne utviklinga kjem med eit paradoks. På den eine sida ser vi at sentralbankar har utvida kompetanseområde sitt og ein kan stille spørsmål om institusjonen ikkje har gått utover mandatet som dei folkevalde i utgangspunktet har gitt dei. På den ande sida ser vi at det auka engasjement i finansmarknaden også kan skape nye restriksjonar for sentralbankane. I finansmarknaden er det nemleg ein risiko for at sentralbanken blir bunden av privatrettslege reguleringar som hemmar institusjonane si evne til å oppfylle sitt mandat om å sikre økonomisk stabilitet.

Dette forskingsprosjektet vil undersøke dette paradokset gjennom å analysere korleis nasjonal og internasjonal rett både legg til rette for og avgrensar sentralbankane si utvida rolle i krisetider.

Prosjektet byggjar vidare på ekspertisen frå deltakarane i forskningsprosjektet: Internasjonal finansmarkedsregulering, institusjoner og effektivitet.

Prosjektet starta i juni 2021 og vil vare fram til juni 2025.

Prosjektet vil publisere innhald både på den norske og den engelske sida.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Finansmarkedsfondet (administrert gjennom Norges forskningsråd). Finansmarkedsfondet finansierer forskning og allmennopplysning som gir betre kunnskap om korleis finansmarknaden fungerer og bidreg til auka etisk medvit. Mer om prosjektet på Forskningsrådets nettsider.

Samarbeid

Prosjektet er eit samarbeid mellom Juridisk Fakultet, Universitetet I Oslo og Handelshøgskulen ved Høgskulen i Innlandet. I tillegg er ein rekke juridiske forskarar frå ulike utanlandske universitet, samt noverandre og tidlegare tilsette i sentralbankar også knyt til prosjektet.

Publisert 18. juni 2021 11:21 - Sist endra 29. juni 2021 08:44