Om prosjektet
Individ som identifiserer seg som incels, eller ufrivillig sølibat, har i løpet av dei siste åra gjennomført fleire voldelige angrep som har resultert i mange dødsfall. Incels deltar i eit subkulturelt nettsamfunn beståande av menn (og kvinner) som meiner at deira noverande situasjon, ein ufrivillig mangel på seksuell og romantisk suksess, skuldast ulike individuelle faktorar som utseende og mental helse, eller meir strukturelle faktorar som feminisme og eit ubalansert datingmarked. Kort fortalt meiner incels at dei er dømt til å leve eit liv i sølibat på grunn av samfunnets deterministiske og hierarkiske inndelinger basert på kjønn og attraktivitet.
Samtidig blir incels ofte endimensjonalt framstilt som ein monolittisk gruppe av sinte menn som promoverer kvinnefiendtleg og ekstremistisk ideologi. Formålet med prosjektet var å bidra til ein kunnskapsbasert nyansering og menneskeleggjering av nettsamfunnet ved å sjå nærare på incels sine eigne fortellingar om kvardagsliv, stigma, og livshistorier.
Metode
Prosjektet utforska incels både online og offline gjennom kvalitative forskingsmetoder, som netnografi for å analysere arkivdata og incel-forum, samt intervjudata for å undersøke incels eigne erfaringar som ufrivillig sølibat.
Mål
Prosjektet har søkt å betre forstå individer som identifiserer seg som incel, eller ufrivillig sølibat, ved å utforske narrativ, trender og subkulturelle uttrykk innan incel-miljøet, samt forhandlingar av maskulinitet og stigma. I tillegg undersøkte det sosiale og kulturelle trekk ved ein potensiell radikaliseringsprosess blant individ innan incel-miljøet.