Seksuell kontroll og vald i relasjonane til unge på tvers av minoritets- og majoritetssamfunn

Varighet
02.01.2025–01.01.2028

Debatten om «æresrelatert vald» omhandlar korleis tvangsekteskap og negativ sosial kontroll blir forstått, med bekymringar om både usynleggjering og stigmatisering. For å adressera desse utfordringane vil prosjektet samanlikna seksuell vald og kontroll blant minoritetar og majoriteten.

Et gatelys som lyser opp om kvelden. bakgrunnen er toppen av et tre og mørkeblå himmel med skyer.

Foto: Yasemin Olgunoz Berber / Shutterstock.

Kontaktpersoner

  • Nora Elaies Ekstern ph.d.-kandidat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi og held til ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Om prosjektet

Det er ein pågåande debatt om korleis ein skal forstå tvangsekteskap og negativ sosial kontroll, med omgrepet "æresvald" som kjernen i diskusjonen. Nokre forskarar hevdar at æresvald er fundamentalt annleis, og at når desse forskjellane vert oversett, bidreg det til marginaliseringa av dei som vert råka. Andre kritiserer omgrepet for å antyde at minoritetar vert (over)kontrollerte av kultur og/eller religion, og slik merkelappar heile folkegrupper. Det vert hevda at dette fører til ein samanlikningsfeil, der vestlege ideal om likskap og individuell fridom vert sett opp mot "dei andre" sine praksisar. Dette forskingsprosjektet vil ta tak i desse utfordringane og auke vår forståing av seksuell vald i minoritetssamfunn.

Metode

Prosjektet er komparativ og omfattar ein analyse av to kvalitative datasett: eit samla datasett frå NKVTS om ungdommar som er utsette for seksuelle krenkingar og utøvarar av seksuelle krenkingar i kjærsterelasjoner frå prosjektet «Seksuell vald i dei nære relasjonar- til unge utsette, utøvarar og institusjonelle reimar» (Överliet et al., 2024). Det andre datasettet består av intervju med individ med minoritetsbakgrunn som har opplevd- eller utøvd seksuell vald og kontroll.

Mål

Forskningsprosjektet har som mål å gje eit empirisk grunnlag for å diskutere likskapar og forskjellar mellom ungdomsvald i parforhold i majoritets- og minoritetssamfunn. Denne kunnskapen vil bidra til auka kompetanse innan sosialstøttetenester som arbeider for å førebygge seksuell vald og kontroll generelt, men spesielt for personar med erfaringar av seksuell vald i minoritetssamfunn.

Deltakere

  • Nora Elaies Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

Finansiering

English version of this page
Publisert 24. jan. 2025 10:57 - Sist endret 5. feb. 2025 13:25