Om prosjektet
Vald mot sivile er vanleg i krig. Soldatar i internasjonale operasjonar (ofte oppretta på humanitært grunnlag) er forventa å opptre som vernande skjold mellom valdsaktørar og menneska som blir skadde. Likevel veit ein at internasjonale soldatar som blir sende til konfliktar i andre land sjeldan brukar makt for å stoppe den valden dei observerer. Sjølv når dei er autoriserte til å gripe inn og verne sivile betyr ikkje det at dei nødvendigvis stoppar valden.
Operasjonelle realitetar tvingar internasjonale soldatar til å prioritere blant fleirfaldig vald som har ulike risikoar for liv og helse. Samstundes må dei vurdere ulike operasjonelle, juridiske og etiske omsyn. Å vurdere valdshandlingar og avgjere kva tid det er riktig å gripe inn med makt blir ofte eit spørsmål om skjøn.
Mål
Føremålet med forskingsprosjektet var å klårgjere korleis soldatar handterer vald mot sivile som blir gjort av andre valdsaktørar i væpna konfliktar. Dette vart gjort gjennom å utforske korleis militæroffiserar forstår og tolkar den valden dei har møtt, kvar dei meiner at grensene går mellom bruk av sivil og militær makt, og korleis dei rettferdiggjer intervensjonsvala sine.
Metode
Prosjektet var kvalitativt og baserte seg på intervjudata med norske offiserar som har tenestegjort i internasjonale operasjonar.
Resultat
Sine Vorland Holen disputerte i 2024.