Organisert eller økonomisk kriminalitet?

Status
Avslutta

Betydinga av politiet si organisering og kompetanse.

Kontaktpersonar

  • Annette Vestby

Om prosjektet

Korleis såg kontrollapparatet sine institusjonelle konstruksjonar av organisert og økonomisk kriminalitet ut, og korleis spekte desse inn i val av saker og framgangsmåtar?

Lovbrot med element av både økonomisk og organisert kriminalitet fekk etter det tidlege 2010-talet stadig større merksemd politisk, i media og i politiet. Bruken av legale firma som ledd i ei illegal verksemd vart sett på som eit trugsmål mot økonomien og mot arbeidstakarar i utsette bransjar.

Dette prosjektet brukte arbeidsmarknadskriminalitet som eksempel på eit kriminalitetsfenomen der element av både økonomisk og organisert kriminalitet var i spel, og der grensa mellom kategoriane ofte var uklår. Kva slags preg sette problemforståingar til kontrolletatane på strategiane ein valde, og kva slags metodar tok ein i bruk? Korleis vart tilhøvet mellom kontrollmetodar som skjedde før og etter at lovbrotet har hadde skjedd utvikla, og kvifor?

Prosjektet var del av prosjektet «Politimetodar i endring» ved Politihøgskolen, og samarbeidet med Linnéuniversitetet, BRÅ, Scottish Institute for Policing Research og Universitetet i Oslo.

Metode

Prosjektet var ein kvalitativ studie som bygde på intervju med fagpersonar innan ulike etterforskings-, førebyggings-, og etterretningsmiljø i politiet i Noreg, samt deltakande observasjon og dokumentanalyse.

Resultat

Annette Vestby disputerte desember 2023.

Avhandlinga Practical criminologies: Sensemaking and proactive policing vart levert hausten 2022.

  • Bjelland, H. F., & Vestby, A. (2017). ‘It’s about using the full sanction catalogue’: On boundary negotiations in a multi-agency organised crime investigation. Policing and Society, 27(6), 1–16.
  • Vestby, A. (2018). Policy making without politics: Overstating objectivity in intelligence-led policing. In H. I. Gundhus, K. V. Rønn, & N. Fyfe (Eds.), Moral issues in intelligence-led policing (pp. 265–282). Routledge.
  • Vestby, A. (2022). Cheats, Threats and Reflexivity: Organizational Narratives on Policing Organized and Economic Crime. British Journal of Criminology, 62(1), 200–217.
  • Vestby, A. (2024). Preventing prosecution: Narratives on proactive policing. Theoretical Criminology, 28(1), 107–126. First published online May 19, 2023
  • Vestby, A., & Vestby, J. (2021). Machine Learning and the Police: Asking the Right Questions. Policing: A Journal of Policy and Practice, 15(1), 44–58.

Deltakarar

  • Annette Vestby

Finansiering

Prosjektet vart finansiert av Noregs Forskingsråd og Politihøgskolen (PHS).

Publisert 1. des. 2025 13:16 - Sist endra 9. jan. 2026 12:32