Domstolane sine brestepunkt - Om domarar når rettsstaten er under press
Prosjektet tek for seg grunnleggjande spørsmål om vilkåra for rettstryggleik under autoritære regime. Målsettinga er å sette lys på europeiske styremakters bruk av autoritære metodar ovanfor rettsvesenet frå tidleg i det 20. århundre og fram til i dag. Korleis reagerar domarar på slike autoritære metodar, og under kva vilkår forvitrar rettstryggleiken?

Foto: Colourbox.com
Om prosjektet
Basert på historiske samanlikningar av ulike europeiske land, vil prosjektet sjå på overgangsfasane frå autoritære regime (fascisme, kommunisme) til rettsstat, og finne ut om ulikheiter i den legale kulturen i ulike land kan forklare nokon av desse forskjellane.
Prosjektet har oppstart våren 2018 og vil vare ut 2022.
Prosjektet vil ha hovudinnhaldet sitt på dei engelske nettsidene.
Finansiering
Prosjektet har finansiering frå FRIPRO, Toppforskmidler frå Forskningsrådet og Universitetet i Oslo.