Historie

11. mars 1955 vart det vedteke å oppretta eit Institutt for privatrett. Instituttet skulle leiast av professor Carl Jacob Arnholm.

Den gong bestod instituttet av følgjande: Ein styrar, ein lesesal, ei boksamling og ein kontorassistent - og ingen studentar.

I dag er situasjonen ein ganske annan.

Jubileumsbok

Heile historia om Institutt for privatrett har vi samla i ei jubileumsbok som vart gitt ut i samband med instituttet si 50 års-markering 11. mars 2005.

Boka finst i .pdf versjon og kan lesast i sin heilskap:

Jubileumsbok IFP 1955-2005

Publisert 4. nov. 2009 22:40 - Sist endret 30. nov. 2021 12:39