Om prosjektet
Den globale sjukdomsbyrda knytt til rusavhengnad veg tyngst blant dei mest utsette gruppene i samfunnet, inkludert personar som sonar i, eller er vortne lauslatne frå fengsel. Omtrent halvparten av alle innsette har ei rusliding når dei kjem til fengsel, og risikoen for overdose og tilbakefall etter lauslating er svært høg. Denne gruppa kjem også dårlegare ut når det gjeld diverse helse- og levekårsproblem. Likevel er ein på unikt vis «tilgjengeleg» for ulike behandlingstiltak innanfor fengselsrammer. Korleis desse tiltaka fungerer i praksis, mekanismar og prosessar knytte til rusbehandling i fengsel, og kva rolle rustiltak i fengsel speler for lauslating, livet etter soning og recovery (tilfrisking) blir undersøkt i dette prosjektet.
Studien var kvalitativ og var ein del av forskingsprosjektet PriSUD, søsterprosjektet til PrisonHEALTH.
Mål
Målet var å bidra til utvikling av ny kunnskap som ville føre til auka livskvalitet og betre psykisk og fysisk helse blant individ i fengsel både før, under og etter soning.