Dødsstraff i eit komparativt perspektiv (avslutta)

Fleire og fleire land har avskaffa dødsstraff. Kva for nokre land står att? Kva er det med desse landa og deira forhold til andre land som gjer at dei framleis vil bruka dødsstraff som straffeform og styringsstrategi? Er det nokon samanheng mellom deira dødsstraffspraksis og deira oppfylling av andre menneskerettsrelaterte forpliktingar?

Foto: Stock x.change

Om prosjektet

"Dødsstraff, menneskerettigheter og moralske begrunnelser for straff" er eit forskingsprosjekt leda av post.doctor Lill Scherdin.

Prosjektet famnar ei interesse for dødsstraff i Asia og den vestlege verda, og ser spesielt på dødsstraff i nokre nøkkelstatar: Japan, Vietnam og Louisianna, USA.

Mål

Målsetjing er å få ein komparativ forståing av dødsstraff og dødsstraffsavskaffelse.

Bakgrunn

90 prosent av alle avrettingar i verden skjer i Asia.Dødsstraff er eit kontroversielt tema i svært mange land, også i land som utøvar dødsstraff. Amnesty Internasjonal kjennar til at det på verdsbasis i 2008 blei avretta minst 2390 fangar i 25 land, og at minst 8864 blei dømde til døden i 52 land. Men Amnesty og forskarmiljø tror tala er mykje høgare.

Asia har med sitt høge tal henrettelser ein avgjerande betyding for korleis bruken av dødsstraff i verda kjem til å utvikla seg. For å kunne forstå dødsstraff som strafferettsleg og politisk verkemiddel i fortid, nåtid og framtid, er det naudsynt å studera praksisen i asiatiske land. 

I fylgje tal frå Amnesty Internasjonal har 139 land dei seinere åra avskaffa dødsstraff enten i lovverket, eller i praksis ved at die ikkje henrettar. Dette kan bidra til at det nå blir lettare for andre land å følgje etter. At ein kritisk masse land har avskaffa dødsstraff betyr at landa som gjenstår no finn seg i ei anna internasjonal situasjon. Tradisjonelt har landa som ønsker å behalde dødsstraff knytta dette opp til landets autonomi, dets frihet til å velje. Men det at så mange land har gått bort frå dødsstraff synliggjer no også autonomien landa har til å velje bort dødsstraff. Dette er eit viktig tidspunkt for forskingsmessige innspel med omsyn til dødsstraffas moglege konsekvensar og moralske begrunningar - og deira gjennomslagskraft i land med ulike styringsformar.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd og Utenriksdepartementet.

Samarbeid

"Dødsstraff, menneskerettigheter og moralske begrunnelser for straff" er eit samarbeidsprosjekt med Vietnamprogrammet på Senter for Menneskerettigheter ved Det Juridiske fakultet.

Publisert 14. juli 2010 12:14 - Sist endra 12. mars 2015 11:35