Private advokatfirma sine evner til å ivareta interessene til sine bedriftskunder er godt kjend. Mindre forska på er deira innverknad i samband med pro bono-aktivitetane deira – det vil seie tenester som blir tilbydd for gode formål utan kostnad. Dei fremste advokatfirmaa har i løpet av dei siste tiåra utvida sine pro bono-aktivitetar betydelig, og engasjert seg i ei breiare rekkje av forkjemparstrategiar på tvers av eit større geografisk område.
I lys av aukande populisme og autoritære rørsler globalt, sjølv i demokratiske samfunn, er menneskerettane og rettsstaten avhengige av aktørar med tilgang og ressursar for å navigere slike utfordringar. Med store ressursar, inkludert advokatar som har gått på dei beste universiteta, stadig voksande inntekter, og innflytelsesrike nettverk, er advokatfirma potensielt godt posisjonerte til å ta på seg denne rolla. Samstundes, som nylige hendingar i USA viser, kan autoritære utviklingar også leie til politisering av pro bono-arbeid.
Det ERC-finansierte PROBONO-prosjektet vil studere omfanget av pro bono-arbeidet til private advokatfirma, innverknaden autokratisk utvikling har på dette arbeidet, og implikasjonane for rettsstaten, menneskerettane, og demokratiet. Prosjektet vil gjere dette ved å samle kvantitative og kvalitative data, og gjennomføre inngåande kasusstudier på dei fremste private advokatfirma sine pro bono-prosjekt relatert til menneskerettar og miljøsaker i samanheng med autoritære utviklingar "heime" og utlandet.
Prosjektets hovudsida er på engelsk. Les meir her.