Meir enn 30 år med akademisk menneskerettsleg arbeid

Institutt for menneskerettar, forløparen til Norsk senter for menneskerettar, blei etablert  i januar 1987 etter vedtak i Stortinget. 

  • Institutt for menneskerettar, forløparen til Norsk senter for menneskerettar, blei etablert  i januar 1987 etter vedtak i Stortinget under leiing av direktør Asbjørn Eide. Instituttet hadde då ein periode fungert som eit prosjekt finansiert av NAVF - forgjengaren til NFR. 
  • I 1995 blei instituttet mellombels organisert som eit tverrfagleg senter under Kollegiet, Universitetet i Oslo. Prøveordninga vart i 2000 avløyst av at instituttet blei organisert som ei fast eining under Det juridiske fakultetet, UiO.
  • Senteret har gjennom heile si historie hatt ein sterk forskingsprofil. Ei rekkje forskarar frå ulike fagdisiplinar er knytte til senteret, anten som fast tilsette, som prosjekttilsette eller som stipendiatar.  Etter konsolideringa i 1998-99 under leing av direktør Nils A. Butenschøn fekk senteret eit eige, internasjonalt orientert masterstudium i menneskerettar.
  • Instituttet skifta namn til Norsk senter for menneskerettar (SMR) i 2003 for å synleggjere det fler- og tverrfaglege perspektivet.
  • Etter mange år med internasjonale prosjektar finansiert av Utanriksdepartementet fekk Senteret sidan årtusenskiftet hatt ein rammeavtale med UD. Arbeidet var organisert i geografiske og tematiske program. Frå 2017 vart arbeidet organisert gjennom senterets Internasjonale Avdeling. 
  • Programmet NORDEM har sidan 1993 rekruttert, kursa og sendt ut meir enn 2000 ekspertar til internasjonale og regionale organisasjonar som arbeidar med å styrke menneskelege rettar, fredsarbeid, og styrke demokratiske institusjonar. Ytterlegare har NORDEM bidrege med meir enn tusen norske observatørar til hundrevis av internasjonale valgobservasjonar. Frå 2017 vart NORDEM en del av Flyktninghjelpen. 
  • I 2001 fikk instituttet status som Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NI). Frå 2015 vart NI skild ut og blei ein frittståande institusjon direkte under Stortinget, med eigne nettsidar
  • Hausten 2019 vart senteret lokalisert saman med de andre einingane ved Det juridiske fakultet i nybygget Domus juridica på Tullinløkka. 

Tidlegare styreleiarar/rådsleiarar

  • 1987 - 1993: Torkel Opsahl
  • 1993 - 1998: Trond Bakkevig
  • 1999 - 2004: Lucy Smith
  • 2005 - 2007: Hans Petter Graver
  • 2008 - 2011: Liv Finstad
  • 2012 - 2015: Fredrik Zimmer
  • 2016 - 2019: Jan Paul Brekke
  • 2022 - d.d.: Bård Anders Andreassen

Senterdirektør/senterleiar:

  • 1987 - 1998: Asbjørn Eide
  • 1998 - 2003: Nils A Butenschøn
  • 2004 - 2007: Geir Ulfstein
  • 2008 - 2008: Mads Andenæs
  • 2008 - 2008: (konstituert) Anne Julie Semb
  • 2009 - 2013: Nils A. Butenschøn
  • 2014 - 2017: Inga Bostad
  • Vår 2018: Ragnhild H. Hennum
  • Haust 2018 - 2021: Gentian Zyberi
  • 2022 - d.d.: Bård Anders Andreassen

Bibliografi

Senteret har utarbeidd ei bibliografi i samband med 25-årsjubileet.

 

Publisert 22. okt. 2009 13:07 - Sist endret 17. nov. 2023 16:57