Torkel Opsahl: Den generøse juristen

Norsk senter for menneskerettar held minnet om Opsahl levande gjennom den årlege minneforelesinga som ber namnet hans. Arrangementet trekkjer linjer frå dagsaktuelle problemstillingar og situasjonar til etableringa av senteret og det nasjonale og internasjonale arbeidet som låg bak.

Torkel Opsahl

I 1948 vedtok FN Verdserklæringa om menneskerettane  – og parkerte den deretter på eit sidespor. I Vest-Europa fekk rettane rettsleg fotfeste gjennom Europarådets konvensjon av 1950. Men konvensjonen kunne vanskeleg ha noen effekt ut over dei vesteuropeiske statane, der demokratiet allereie var godt etablert. Utfordringa var å etablere effektive, globale mekanismar.

I 1976 blei FN sin menneskerettskomité etablert, og den norske juristen Torkel Opsahl, (bildet), som allereie hadde ry som ein  av dei dyktigaste og mest konstruktive støttespelarane i Europarådet, blei valt inn frå starten. Seinare blei han styremedlem i det internasjonale menneskerettsinstituttet i Strasbourg, som var det første instituttet i sitt slag. Vegen heim til Noreg var ikkje lang: Han stod sentralt i arbeidet med å etablere eit norsk menneskerettsinstitutt. I 1987 var målet nådd. Torkel Opsahl blei ein sjølvskriven styreleiar.

Torkel Opsahl blei født i 1931 og døde plutseleg, 62 år seinare, i sitt kontor i FN-bygningen i Geneve, i september 1993. Då sto han midt i eit omfattande arbeid for å handheve internasjonal humanitær rett. Frå 1992 fungerte han som medlem av Den internasjonale humanitære rettslege undersøkingskommisjonen, og hausten 1992 blei Opsahl utpeikt av FNs generalsekretær til å være eit av fem medlem i FN sin krigsforbrytarkommisjon for det tidlegare Jugoslavia. I dei siste seks vekene han levde var han formann i kommisjonen.

24 år gammal, i 1955, tok han ein glitrande juridisk embetseksamen. Seinare hadde han ein periode som stipendiat der han gjekk grundig inn i studium av stats- og folkerett, også med lange studieopphald i USA og det som då var Sovjetunionen. Opsahls fagfellar, Erling Selvig, Hennig Jakhelln, Asbjørn Eide og Jan Helgesen, skriv i sin nekrolog over Opsahl korleis avhandlinga hans, om delegasjon av Stortingets myndigheit, som eit "av dei viktigaste bidraga til den statsrettslege teorien på mange tiår. Den viser evne til dyptpløyende rettsteoretisk analyse, fortrolighet med det norske forfatningssystemets fremvekst og forståelse for samspillet mellom rettslege og politiske faktorer i statslivet”.

I åra som kom markerte Opsahl seg som ein engasjert, inspirerande og deltakande pedagog. Nesten femten år etter at han døydde er det framleis lett å finne tidlegare studentar som med begeistring skildrar hans forelesningar og hans glede over å formidle faget.
Samtidig resulterte Opsahls internasjonale engasjement i at han raskt hamna blant arkitektane bak noen av dei sentrale institusjonane i det internasjonale rettsamfunnet. Då han døydde, strøyma det inn kondolansar frå heile verda, fleire av dei frå viktige nasjonale og internasjonale leiarar.

Dei som kjente han snakkar om Torkel Opsahl som ein eminent jurist, ein fagmann med særs godt rykte i inn- og utland. Men alle dei som snakkar om han er like opptekne av å få fram at Torkel Opsahl først og fremst var eit varmt, deltakande og generøst medmenneske. Ein mann som kunne stire den verst tenkelege menneskelege gru inn i kvitauget og likevel halde fast i sin djupe, medmenneskelege vennlegheit.

Av Christian Boe Astrup
Publisert 22. okt. 2009 13:07 - Sist endret 18. apr. 2011 13:43