Aktivitetar i Kina

Internasjonal avdeling ved Norsk senter for menneskerettar har som formål å bidra til å styrke arbeidet med internasjonale menneskerettsstandardar i Kina.

Hovudsida for SMR sin satsing i Kina er på engelsk.

Illustrasjonsfoto. Kilde: Stock.xhng

SMR støtter aktivitetar som kan hjelpe utviklinga, forståinga  og gjennomføringa av internasjonale standardar på menneskerettar i Kina. Langsiktig engasjement og nært samarbeid med kinesiske akademiske partnerar har vært ein hjørnestein  i vårt arbeid i Kina gjennom 14 år.

Den største vekta av arbeidet ligg på forskingssamarbeid, undervisning og rådgiving. I tillegg arrangerer Internasjonal avdeling seminar, kurs og briefingar for å styrke kunnskapen om menneskerettar i Kina og kinesiske samfunnsforhold her heime i Noreg.

SMR sitt samarbeid med Kina ved Norsk senter for menneskerettar, tidlegare kalla Kinaprogrammet, har eksistert sidan 1997.

Publisert 30. juni 2017 08:14 - Sist endret 8. sep. 2017 14:43