1: Menneskerettighets- utdanning
SMR arbeider for å oppnå universell tilgang til informasjon, bidra til å verne grunnleggjande fridomar og byggje bru over det eksisterande gjennomføringsgapet. Engasjement frå sivilsamfunnet og kunnskap om arbeidet til FNs menneskerettsmekanismar er viktig for å få statlege styresmakter til å oppfylle menneskerettsforpliktingane sine.
Kvart år tilbyr den internasjonale avdelinga ved SMR eit fullt finansiert opphald for to til tre gjesteforskarar ved SMR. Lengda på opphaldet er vanlegvis mellom 2–3 veker.
SMR arbeider for å styrkje kunnskapen og den praktiske kapasiteten til å handtere ulike sider ved ulik og diskriminerande behandling hos partnarane våre i Asia.
Sidan 1997 har SMR fremja internasjonale menneskerettslege standardar i Kina gjennom utdannings- og forskingsprosjekt i samarbeid med kinesiske partnarinstitusjonar. I Kina har samarbeidsprosjekta til SMR hatt stor innverknad på utviklinga av internasjonal menneskerett gjennom utdanning og forsking.
Menneskerettsutdanning er ei rett i seg sjølv, og ein føresetnad for vernet av menneskerettane. SMR sitt arbeid har som mål å setje statlege aktørar, akademia og sivilsamfunnet i stand til å fremje menneskerettar i tråd med FNs menneskerettskonvensjonar, gjennom støtte til menneskerettsundervisning.
Norsk senter for menneskerettigheter (SMR) ved Universitetet i Oslo har sidan 2015 støtta program og aktivitetar for menneskerettsutdanning i ASEAN University Network – Human Rights Education Theme (AUN-HRE) og programmet Strengthening Human Rights and Peace Research and Education in ASEAN/SEA (SHAPE-SEA).