Kva vi gjer
Vi arbeider for å styrkje kunnskapen i sivilsamfunnet om FNs menneskerettsmekanismar, som eit verkemiddel for å fremje menneskerettar nasjonalt og for å auke legitimiteten til det internasjonale menneskerettssystemet globalt. Vi strevar etter å gjere menneskerettane kjende, slik at borgarane kan få innsikt og kunnskap for å engasjere seg i gjennomføring og oppfylling av menneskerettane.
Våre pågåande prosjekt omfattar regionale opplæringar av akademikarar og representantar for sivilsamfunnet i FNs menneskerettsmekanismar i Genève, for tida avgrensa til målgrupper frå høvesvis MENA- og ASEAN-regionen, med eit nytt kurs for deltakarar frå Aust-Afrika under førebuing.
Kvifor er dette viktig?
Auka medvit i sivilsamfunnet om arbeidet til FNs menneskerettsråd og kunnskap om FNs menneskerettsmekanismar er avgjerande for realiseringa av menneskerettane. Målet er at tilrådingane frå FNs traktatorgan og frå dei universelle periodiske landvurderingane (UPR) skal vere godt kjende, slik at borgarane kan halde eigne styresmakter ansvarlege for oppfyllinga av menneskerettane. SMR arbeider for å styrkje evna til akademia og sivilsamfunnet til å ta del i arbeidet med menneskerettsmekanismane, for å følgje opp tilrådingar og fremje menneskerettar nasjonalt.