Gjesteforskaropphald ved Internasjonal avdeling, SMR

Kvart år tilbyr den internasjonale avdelinga ved SMR eit fullt finansiert opphald for to til tre gjesteforskarar ved SMR. Lengda på opphaldet er vanlegvis mellom 2–3 veker.

Forskarstipendet er tilgjengeleg for forskarar som arbeider med menneskerettar innan fagfelta jus, humaniora og samfunnsvitskap.

Forskarstipendet dekkjer internasjonale flyreiser og bustad, opphaldsutgifter i Oslo, samt utgifter som visumgebyr, lokal transport og forsikring.

Gjennom heile opphaldsperioden er gjesteforskarane velkomne til å nytte biblioteket ved Det juridiske fakultetet og lesesalar og andre fasilitetar ved senteret. Det blir peika ut ein fagleg kontaktperson for kvar gjesteforskar. Tilsette ved SMR vil òg hjelpe til med å setje opp møte med relevante statlege institusjonar, sivilsamfunnsorganisasjonar og fagpersonar, avhengig av forskningstema. Gjesteforskarane vert oppmoda om å ta del i SMR sine aktivitetar og pågåande arrangement.

Ved slutten av forskingsperioden skal forskingsresultata leggjast fram i ein presentasjon ved SMR. Forskarane er forventa å utarbeide ein éi-sides rapport som skildrar kva som er oppnådd under opphaldet, og ein artikkel om det valde forskningstemaet. Publisering av ferdige artiklar vert oppmoda, anten i nasjonale eller internasjonale tidsskrift.

Søknadsfristen for haustsemesteret er 1. mai, medan fristen for vårsemesteret er 1. november. Alle søkjarar vil få svar 2-3 veker etter fristen.

For søknadsskjema og andre spørsmål, kontakt Yi Wang: yi.wang@nchr.uio.no

Publisert 8. mai 2026 11:45 - Sist endret 24. aug. 2026 14:24