Lov og lære

Hald deg oppdatert på utviklinga innan juridisk læring med podkasten Lov og Lære. Saman med studentar og undervisarar ser vi på innovativ pedagogikk, teknologiske framsteg og banebrytande forsking som formar morgondagens juristar. 

Logo for podkast.

Illustrasjon: UiO.

Podkasten er produsert av CELL – Senter for erfaringsbasert læring ved Det juridiske fakultetet i Oslo.
 
 
  • Prosedyre i jusundervisinga 28. okt. 2024 15:26

    Korleis kan prosedyretrening gje juristar ein uventa fordel både i og utanfor rettssalen? I denne episoden ser vi nærmare på CELL si satsing på prosedyre i jusutdanninga. Førsteamanuensis Morten Nadim fortel om kvifor prosedyre ikkje berre er for framtidige advokatar, og student Melissa Sabamali deler spanande historier frå valemnet Moot Court.

    Programleiar er Sigrun Sæbø Åland.

  • Saksbehandlar i JURK 2. juni 2025 14:37

    I denne episoden lærer vi meir om JURK og om korleis det er å jobbe der som saksbehandlar. Petrine Iversen inviterer oss inn på kontoret og fortel om endringa som gjer at jusstudentar no får 60 studiepoeng for eit år i JURK. I tillegg høyrer vi frå Nora Bergstrøm-Hansen som har vore saksbehandlar i JURK, samt Tone Linn Wærstad som har rettleia masterstudentar som tek utgangspunkt i erfaringane sine frå JURK når dei skriv master. 

    Programleiar er Sigrun Sæbø Åland.

Abonner direkte på Spotify.      Abonner direkte på iTunes

Publisert 31. okt. 2024 15:37 - Sist endret 12. juni 2025 10:23