Om CELL
CELL er eit fagleg ressurssenter ved Det juridiske fakultet som vart oppretta i 2018. I 2020 fikk senteret status som Senter for framifrå utdanning (SFU).
CELL fremjar og utviklar erfaringsbaserte og studentaktive undervisings- og vurderingsformer. Senteret vårt består av vitskapleg tilsette, studentar og pedagogar, og studentteamet er involvert i alle prosjekt. Saman har vi som mål å utvikle framtidas juristutdanning.
Overordna mål
Gjennom erfaringsbasert læring og omfattande studentmedverknad jobbar vi mot følgjande overordna mål som eit SFU:
- Betre kvaliteten på læringsprosessar
- Gje relevante ferdigheiter til framtidige juristar
- Legge til rette for studentforsking og samfunnsbidrag
- Forbetre læringsmiljøet til studentane ved å gå frå ein prestasjonskultur til ein læringskultur
- Utvikle ein kultur for undervisningsutvikling, altså eit praksisfellesskap
Bakgrunn
CELL er eit resultat av engasjerte tilsette og studentar, samtidig er det eit svar på samfunnsendringar og endringar i juristar si rolle
Organisering
Samarbeid med oss
Kontakt
Finansiering
Status som SFU blir tildelt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). CELL er samfinansiert av HK-dir, Det juridiske fakultet og UiO.
Vi er også involverte i prosjekt med finansiering frå andre ordningar.
Strategier og rapporter
- Rapport HK-Dir Institusjonsbesøk (pdf)
- Årsrapport 2023 (pdf)
- Senterplan for CELL (pdf)
- Søknaden om SFU-status (pdf)