Ibsen var verksam i ein periode då forfattaren blei etablert som opphavet og senteret i den litterære sirkulasjonen. Veksande marknader bidrog til det, det same gjorde lovgjevinga. Suksessen til Bjørnson og Ibsen viste kor mangelfull eksisterande lovgjeving var og bidrog til ny Lov om Beskyttelse af den saakaldte Skrifteiendomsret i 1876 og til gjensidig skandinavisk vern av opphavsrett nokre år etter. Dei norske forfattaranes internasjonale suksess var og med å forme den norske haldninga til Bernkonvensjonen om internasjonal forfattarrett. Ibsen viser på same tid kor komplisert det kunne vere å navigere i dette terrenget når forfattarens nasjonalitet og bokas nasjonalitet ikkje fall saman.
Narve Fulsås er historiker og en av de fremste Ibsenforskere. Han har bl.a. vært redaktør for åtte av de 33 bindene i Henrik Ibsens skrifter, med ansvaret for kommentert utgivelse av alle Ibsens brev.
Sammen med Tore Rem har han publisert «Ibsen, Scandinavia and the Making of a World Drama» (Cambridge 2018).
Hans seneste bok er den mye omtalte «Norsk litteratur i Nazi-Tyskland - forfattarar, forleggjarar og agentar under det nasjonalsosialistiske kulturregimet» (2025).