Kagge forlag, 2025.
Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?
I denne forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie, og teiknar eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå? Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga samtid.
Les meir om boka her (Kagge Forlag).