Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak

Av Tore Fjørtoft. PhD-avhandlingen som bok. Utgitt på Gyldendal juridisk, 2015.

Samvirkeforetaka spelar ei viktig rolle i norsk nærings- og samfunnsliv. Det er om lag 18 000 norske samvirkeforetak med til saman 2,5 millionar medlemmar. Coop har åleine 1,4 millionar medlemmar. Tore Fjørtoft tar i boka opp viktige spørsmål som: Kva slags økonomiske rettar har du som medlem i eit samvirkeforetak? Kor omfattande er rettane? Og korleis blir økonomiske utdelingar frå foretaket fordelte mellom deg og dei andre medlemmane?

Desse tre spørsmåla blir inngåande drøfta i boka Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak. Utgangspunktet er norsk rett, men boka har også eit stort innslag av utanlandsk og internasjonal rett. Spørsmåla blir drøfta i lys av både dei prinsippa og verdiane som ligg til grunn for samvirkerørsla, og dei reglane som gjeld for aksjeselskapa. Fjørtoft har lagt stor vekt på å gi framstillinga ei praktisk forankring, m.a. ved å vise til vedtektspraksis.

Samvirkeforetak kontra aksjeselskap

Eit hovudfunn er at dei økonomiske rettane som har mest å seie i samvirkeforetak, har minst å seie i aksjeselskap, og omvendt. Retten til å handle med foretaket, gjerne til gunstige prisar, er heilt grunnleggjande i samvirkeforetak. Medlemmane i Kredinor har t.d. rett til å nytte dei inkassotenestene foretaket tilbyr. Eigarskap i eit aksjeselskap gir ikkje grunnlag for nokon tilsvarande rett. Retten til utdelingar og retten til å selje eller pantsetje andelar spelar derimot ei vesentleg større rolle i aksjeselskap enn i samvirkeforetak. Boka søkjer å forklare  desse forskjellane.

Sentrale problemstillingar

Boka drøftar spørsmål som: I kva tilfelle kan eit samvirkeforetak nekte å handle med medlemmane sine? Kan t.d. ein drosjeeigar som har forgripe seg på ein kunde, framleis krevje at drosjesentralen formidlar oppdrag for han? Kva slags tilgang har medlemmane på foretakskapitalen? Kan t.d. medlemmane i Coop eller TINE løyse opp foretaka og krevje nettoformuen utdelt til seg? Kva inneber det at økonomiske utdelingar skal fordelast mellom medlemmane etter kor stor omsetning kvar av dei har hatt med foretaket? Stengjer dette til dømes for at overskot frå verksemda kan fordelast likeleg eller etter kor store kapitalinnskot medlemmane har gjort?

Boka vil vere nyttig for alle som støyter på samvirkerettslege spørsmål: leiarar og medlemmar i samvirkeforetak, advokatar, dommarar, forvaltingsjuristar, revisorar, rekneskapsførarar og andre. Den byggjer på doktoravhandlinga som forfattaren skreiv medan han var stipendiat ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo. Tore Fjørtoft (f. 1973) er cand. jur. og Ph.D. i rettsvitskap. Han har tidlegare vore lovrådgivar i Justisdepartementets lovavdeling, og arbeider no i Advokatfirmaet Schjødt.

Boka inneheld eit samandrag på engelsk.

Les forordet og innhaldslista her

Les meir om boka og bestill på heimesida til forlaget

Publisert 12. jan. 2016 10:59 - Sist endret 2. sep. 2022 12:04