Bakgrunn
Kunstig intelligens kan brukast innan norsk rett dersom ein byggjer infrastruktur for forvaltnings- og rettsdata. Då kan innbyggjarane få hjelp til å forstå sin rettslege situasjon, då kan beslutningstakarane få hjelp til å treffa betre avgjerder, og rettsutviklarar vil få betre grunnlag for å utvikla retten.
Norsk rett har vore fullt ut digitalisert sidan 2015. Kunstig intelligens gjer at den digitaliserte retten sit potensiale kan hentast ut. Ikkje bare kan dei rettslege kjeldene gjerast langt lettare tilgjengeleg, men det kan utviklast ulike analyse- og samanstillingsfunksjonar til hjelp for dei ulike brukargruppene. Men kvaliteten på den rettslege assistansen kunstig intelligens kan gje er avhengig av tilrettelegginga av forvaltnings- og rettsdata.
Fleire institusjonar, organ og bedrifter arbeider parallelt med å tilretteleggja forvaltnings- og rettsdata. Med utgangspunkt i Forskningsrådsprosjektet DigiReg, i samarbeid med NORDASIL, ønskjer vi ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo å ta initiativ til å laga eit konsortium for utveksling av idear og erfaringar knytt til digital tilrettelegging av forvaltnings- og rettsdata. Tanken er at vi kan få betre framdrift og høgare kvalitet på kvart einskild prosjekt om vi deler kunnskap og erfaringar.
På denne bakgrunnen inviterer vi til oppstartmøte for å snakke om behov, visjonar, teknologi og personvern.
Målet med møtet er både å diskutera korleis vi skaper dei ulike linjetenestene, kartleggja eksisterande infrastrukturinitiativ og utfordringar, og identifisera samarbeidsmogelegheiter.