Forskargruppa tok aktivt del i forskings- og formidlingsarbeidet om kong Magnus Lagabøters Landslov 750 år i 2024. Forsking om Landslova si bakgrunn, karakter og betydning begynte i 2014, men fikk ein særleg intensitet opp mot jubileumsåret 2024. Det nasjonale Landslovsprosjektet bestod av fleire ulike prosjekt med ulik ekstern finansiering og ulik tilkytning til institusjonar som har arbeidd med Landslova av 1274.
Nasjonalbiblioteket var nasjonal koordinator for Landslovsjubileet. Jørn Øyrehagen Sunde ved Institutt for offentleg rett hadde det faglege ansvaret, og koordinerte forskings- og formidlingsinnsatsen generelt. Heilt sentralt for kunnskapsutviklinga opp mot, og kunnskapsformidlinga i jubileumsåret 2024 var prosjektet "Social governance through legislation" ved CAS hausten 2021 og våren 2022, leia av Sunde saman med professor Erik Opsahl ved NTNU.
I 2024 vart Magnus Lagabøters Landslova gjeven ut av Nasjonalbiblioteket i både ei tekstkritisk utgåve og ei normalisert norrøn utgåve, i tillegg til at lova vart omsett til norsk og engelsk. Dette var eit stort steg mot å gje ut den samla lovgjevinga til Magnus Lagabøter. I 2024 kom òg ei kommentarutgåve til Landslova, der mange norske mellomalderforskarar sette lovreglane inn i ein historisk og rettsleg kontekst.
Over 1,6 millionar personar nytta minst eitt av dei mange formidlingstilboda under Landslovsjubileet. Ved sida av å få merksemd rundt Landslova som eit heilt spesielt lovverk i både ein norsk og europeisk samanheng, vart jubileet dermed òg eit utstillingsvindaug for rettshistorisk forsking, og rettshistorie som både ein juridisk og historievitskapleg forskingsdisiplin.