English version of this page

Kan (folke)retten beskytte utryddingstruga rovdyr?

Bernkonvensjonen forpliktar Noreg til å ta vare på dei store rovdyra. Dette prosjektet undersøkjer korleis denne forpliktinga blir følgt opp og om ein tek vare på eigenverdien til dyra. Eit sentralt spørsmål er om domstolane er ein eigna arena for rovdyrkonflikten.

Ansitktet til ein bjørn som er ute i naturen.

Brunbjørn i Finland. Foto: Shutterstock.

Om prosjektet

Dei store rovdyra i Noreg er utryddingstruga, og det er stor konflikt om rovdyrforvaltinga. Det finst grupperingar som ønskjer både større og mindre bestandar. Samtidig har Noreg skrive under på Bernkonvensjonen (The Convention on the Conservation of European Wildlife and Natural Habitats) som skal beskytte ulv, brunbjørn, jerv og gaupe. Likevel blir rovdyra utsette for både lovleg og ulovleg jakt.

I ph.d.-prosjektet «Large Predator Management Versus the Intrinsic Value of Animals» forskar Lie på korleis Noreg tek vare på dei internasjonale forpliktingane til å sikre at rovdyra overlever. Lie er særleg interessert i domstolane si rolle i å syte for at ansvaret blir etterlevd og grensedraginga mellom lovleg og ulovleg jakt. Ho undersøkjer også om forvaltinga og domstolane tek omsyn til dyra som individ med eigenverdi eller berre som medlemer av truga og omdiskuterte artar.

Lie analyserer dommar frå straffesaker om ulovleg rovdyrjakt, og frå såkalla «ulvesaker» der statens fellingsvedtak har vorte klaga på av miljø- og dyrevernorganisasjonar. Lie observerer også sistnemnde saker i retten. I tillegg blir dommarane intervjua om erfaringane deira med å dømme i «ulvesakene», om forholdet mellom norsk rett og folkerett, og forholdet mellom rett og politikk. ​Organisasjonane som har gått til sak mot staten, blir også intervjua.

Metode

Prosjektet baserer seg på casestudiar av dommar for både ulovleg rovdyrjakt og rettssaker der offentlege fellingsvedtak blir prøvde. Dette blir supplert med observasjon av rettssaker og djupneintervju med klagande part og dommarane. I tillegg blir det gjort diskursanalyse av dommar frå straffesaker for ulovleg jakt.

Prosjektperiode

Prosjektet er fireårig og skal ferdigstillast våren 2025.

Finansiering

Prosjektet er knytt til prosjektet «Criminal justice, wildlife conservation and animal rights in the Anthropocene» (CRIMEANTHROP) og finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektnummer 289285.

Publisert 18. okt. 2019 14:44 - Sist endra 23. nov. 2023 09:48